Disputas: Fiskeriøkonomi

Linda Nøstbakken disputerer for doktorgraden laurdag 8. oktober med avhandlinga Essays on the Economics of Fisheries Management.

05.10.2005 - Afsoun Sabzian


Hovudtema for avhandlinga er økonomisk optimal forvalting av fiskeressursar. Med utgangspunkt i fiskeriøkonomi har Nøstbakken analysert og utvikla modellar knytt til tre ulike tema: Korleis det langsiktige tilbodet av nordsjøsild vert påverka av reguleringar i fisket, optimale fangstar under pris- og bestandsuvisse og overkapasitet i den norske pelagiske fiskeflåten.

Nøstbakken ser nærare på bruken av stokastiske bioøkonomiske modellar i fiskeriøkonomi-litteraturen sidan introduksjonen tidleg på 1970-talet.

Vidare vert bio-økonomiske modellar for nordsjøsild utvikla og estimerte. Fokus er på korleis eit langsiktig tilbod av nordsjøsild vert påverka av reguleringane i fisket og på korleis dei faktiske fangstreguleringane har vore i høve til optimale fangstreguleringar.

Modellen er gjort stokastisk ved at det vert knytt uvisse til bestandsveksten. Resultata viser at det langsiktige tilbodet av Nordsjøsild varierer mykje med reguleringsregimet i fisket.

Store økonomiske vinstar
Vidare indikerer analysane at ein kunne oppnådd store økonomiske vinstar om fangstreguleringane i Nordsjøsildfisket hadde vore nærare fangstane under optimal forvalting.

I avhandlinga vert det utvikla ein modell for eit fiskeri der det er knytt uvisse både til bestandsutviklinga og fiskeprisen. I tillegg er det kostnader for fiskeflåten ved å auke eller redusere fangstinnsatsen.

Målet med denne studien er å analysere optimale fangstar under både pris- og bestandsuvisse. Stokastisk dynamisk optimering og numeriske metodar vert nytta til å karakterisere og tilnærme den optimale løysinga. Denne viser når og korleis fiskeinnsatsen bør aukast eller reduserast ved endringar i fiskebestand og pris.

Overkapasitet i fiskeriflåten
Den siste studien undersøkjer om det er (kortsiktig) overkapasitet i den norske pelagiske fiskeflåten med utgangspunkt i økonometrisk analysemetode. Tre ulike flåtesegment vert studerte: Ringnot, trål og kystflåten.

Resultata viser at det er overkapasitet i alle segment av flåten og at ein kunne oppnådd kostnadsføremoner ved å auke produksjonskvantumet per fartøy. Etter som totalt kvantum er gjeve av den samla kvoten, tyder dette at talet på båtar i fiskeriet må reduserast for å redusere overkapasiteten.

Hovudrettleiar har vore professor Trond Bjørndal ved Norges Handelshøyskole/ Samfunns- og Næringslivsforskning (SNF)

--------------------------------------------------------------
Linda Nøstbakken er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (2001), med høgare avdelings studium frå 2002.

Nøstbakken er tilsett ved SNF ved Norges Handelshøyskole frå 1. november 2005. Nøstbakken kjem frå Bømlo og er busett i Bergen.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive