Nytt stipend til fleirkulturelle studentar

I samarbeid med store norske bedrifter har Interesseorganisasjonen Alarga oppretta ei stipendordning som skal gje norske masterstudentar med fleirkulturell bakgrunn innpass i norsk næringsliv. Det skriv Studvest.

25.04.2007 - tekst: Red. Foto: Alarga.org


- I fyrste omgang kjem åtte studentar til å bli velt ut til å ta del i prosjektet, fortel initiativtakar Erik Villum til Studvest.

Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Telenor, Statoil, Statkraft, Orkla, Umoe, Yara, Multiconsult og Leif Høegh.

- Studentane knyttast då til ei av desse bedriftene i ein toårsperiode. Denne perioden skal brukast til gjennomføring av ein master i tilknytning til partnerbedrifta, seier Villum.

I tillegg til kontakt med bedriftene, får studentane eit stipend på 100.000 kroner frå Alarga og tilbod om sommarjobb i to somrar hjå bedrifta.

NHH er ei av utdanningsinstitusjonane som deltar i Alarga. Kvar student med fleirkulturell bakgrunn får tildelt ein fagleg mentor på den utdanningsinstitusjonen dei vil studere ved.

Les Studvest sin artikkel.
Besøk heimesida til Alarga


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive