Redaktørar vil ha NHH på banen

Debattredaktørane i Aftenposten og Bergens Tidende vil ha meir økonomidiskusjon i avisene. - NHH er i ferd med å bli usynlige samanlikna med BI, seier BTs debattredaktør Hilde Sandvik til tidsskriftet Forskerforum.

09.05.2007 - Red.


Hilde Sandvik er debattredaktør i BT.
FOTO: Jan M. Lillebø

Sjølv om Noregs handelshøgskole ligg i Bergen, er det smått med økonomidiskusjon i spaltene i BT, meiner Sandvik.

- I vår seksjon for økonomidebatt er det vanskelig å få til gode diskusjonar, sidan dei fleste i næringslivet er ute etter å selja noko. Skal det bli debatt her, må det ofte skje gjennom akademikarar, seier Aftenpostens Knut Olav Åmås, som også har merka kor stille det er frå NHH.

Vil ha kortare innlegg
Debattredaktørane ynskjer seg fleire korte debattinnlegg og replikkar, ikkje berre kronikkar.
- Det er rart at ikkje fleire melder seg i dei kortare formata. Det er ei veldig god form, som ikkje bør ta så mykje tid, seier Hilde Sandvik.

- Eg skulle ønskt at akademikarane utviste større fantasi når dei melder seg til debatt. Når telefonen ringer og det er ein universitetsprofessor i den andre enden, håper eg at han vil ha på trykk ein replikk eller eit kortare debattinnlegg, sier Amås til Forskerforum.

Les heile saka hos Forskerforbundet.



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive