Vurderer innstrammingar av gjentaksordning

Illustrasjon

Sterkt karakterpress bidreg til at bachelorstudiet ved NHH har den høgaste gjentaksproduksjonen av dei økonomisk-administrative utdanningane. PBU vurderer no ulike tiltak for å få gjentaksfrekvensen ned.

02.04.2009 - Hallvard Lyssand


Når det skal utarbeidast statistikk for produksjon av studiepoeng vert det skilt mellom ny produksjon og gjentaksproduksjon. Definisjonen av sistnemnde er at studentar tek ny eksamen i eit emne (og består) trass i at dei alt har teljande resultat.

På topp

Målet med denne typen gjentak er å få betre karakter, og blant bachelorstudentane på NHH er såkalla konteeksamen om ikkje "populært", så iallfall mykje nytta.

Programutvalet for bachelor-utdanningen (PBU) har studert statistikken for gjentak på bachelor-nivå dei siste tre åra. Tala syner at gjentaksproduksjon utgjorde 9,7 prosent av totalproduksjonen i 2006, 13 prosent i 2007 og 12,3 prosent i 2008.

I realiteten har bachelornivået på NHH høgast gjentaksproduksjon av alle dei økonomisk-administrative utdanningane i landet. Av andre einskildstudiar er det berre rettsvitskap ved universiteta i Oslo og Bergen som ligg høgare.

- Gjentaksproduksjonen på bachelorstudiet er for høg både i høve til NHH totalt sett og andre tilsvarande utdanningar. Det måtte PBU ta tak i, seier dekan for bachelorstudiet Linda Orvedal.

Linda Orvedal
Dekan for bachelorutdanningen Linda Orvedal.

Høgt press

Orvedal peikar på høgt karakterpress som ei sentral årsak til gjentaksstoda.

- Tilfredsheitsundersøkinga frå 2008 synte at 78 prosent av studentane ved NHH opplevde stort karakterpress frå medstudentar. Ein konsekvens vert at mange føler at dei må konte fordi alle andre gjer det. Samstundes oppstår det ein situasjon der nye studentar må konkurrere karaktermessig med meir erfarne studentar som tek ny eksamen. Resultatet er inflasjon i karakterar og ein vond sirkel der karakterpresset berre vert høgare og det følte behovet for gjentak aukar ytterlegare, seier ho.

Per i dag kan studentane ta eksamen i eit emne tre gonger. Beste resultat vert teljande.

- Men statistikken syner at det er svært få av dei som bruker tre reelle forsøk som faktisk får betre karakter. I realiteten bruker mange tid og energi på gjentak framfor å fokusera på nye kurs, konstaterer Orvedal.

Høge kostnader

På toppen av det heile medfører høg gjentaksgrad ekstrakostnader. Høgskulen får ikkje ekstramidlar for eksamenar som ikkje fører til nye studiepoeng, men må like fullt betala ekstern og intern sensur og administrative kostnader.

Etter PBU si oppfatning er dette pengar som ville koma betre til nytte til betre oppfølging i forkant av eksamen.

Ein del studentar risikerer å bli forseinka i studia som følgje av gjentak. Det kan tyda høgare studiegjeld og tapt arbeidsinntekt.

Skisserer tiltak

PBU har utarbeidd eit notat som m.a. inneheld ulike forslag til regelendringar som ein trur kan bidra til å redusera graden av gjentak.

Forslaga er som følgjer:

- Innføra kvote på gjentak - t.d. berre tillata eitt gjentaksfag per semester.

- Redusera talet på eksamensforsøk frå tre til to.

- Innføra fleire sperrer mellom kurs i løpet av bachelorstudiet.

- Ikkje tillata gjentak når bestått resultat er oppnådd.

- Sist oppnådde resultat vert teljande, ikkje det beste, slik det er i dag.

- Opplysa om talet på eksamensforsøk per kurs på vitnemålet.

- Berre tilby eksamen i undervisningssemesteret (jf. masterstudiet).

I høyringsnotatet vert det trekt fram både positive og potensielt negative utslag av dei ulike forslaga. Korleis dei vil la seg gjennomføra i praksis varierer. Nokre av tiltaka kan PBU sjølv setja i verk. Andre krev styrehandsaming og vedtektsendring.

Studentdebatt

Notatet er på høyring hjå institutta og NHHS med frist til fredag 3. april, og PBU skal handsama saka og innkomne merknader i møte 22. april.

Blant studentane er debatten for lengst i gang. Kjernestyremedlem og studentrepresentant i PBU, Matias Jørum, seier til K7 Bulletin at han personleg ønskjer å behalda dagens reglar, men at Kjernestyret må reflektera meiningane i heile studentmassen.

Dei meiningane er delte. Somme meiner fleire av forslaga til nye gjentaksreglar i realiteten vil føra til auka karakterpress og lågare utanomfagleg engasjement.

- Etter at K7 Bulletin skreiv om saka og høyringa har mange studentar vendt seg direkte til meg og gitt uttrykk for at dei støttar ei reglementsendring, og at fleire av tiltaka PBU har føreslått verkar rimelege, seier Orvedal.

Ho understrekar at eventuelle nye gjentaksreglar ikkje vil få tilbakeverkande kraft, og at dei som er i gang med eit kurs eller emne før endringar vert innført vil kunna fullføra etter dagens reglement.



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive