Internasjonalt og intenst på sommarskulebenken

The NHH Graduate Summer School in Natural Resource Management and Policy: The Norwegian Model

37 studentar frå 20 land bruker to temmeleg tettpakka sommarveker ved NHH for å læra om den norske modellen for forvaltning av naturressursar.

01.07.2009 - Hallvard Lyssand


2009-utgåva av The NHH Graduate Summer School in Natural Resource Management and Policy: The Norwegian Model er den tredje sidan starten i 2007.

37 masterstudentar frå ei rekkje av NHH sine partnarinstitusjonar i ulike delar av verda er samla til to veker med eit tettpakka undervisingsprogram med hovudvekt på økonomiske, politiske og miljømessige aspekt ved forvaltning av naturressursar frå fisk til vasskraft, olje og gass.

Krava for å få plass på sommarskulen er relativt strenge. I tillegg til dokumentasjon på gode karakterar og eit eige motivasjonsbrev, må studentane nominerast av heimeinstitusjonen sin.

The NHH Graduate Summer School in Natural Resource Management and Policy: The Norwegian Model
37 MBA- og MSc-studentar frå 20 land har nytta starten av sommaren til å ta eit intensivt kurs om ressursforvaltning ved NHH.

Forkunnskapar og motivasjon er viktig, for dagane går med til ei rekkje førelesningar frå tidleg morgon til sein ettermiddag. I opphalda mellom førelesingsbolkane skal det løysast ei rekkje obligatoriske oppgåver.

Storparten av førelesarane på kurset er frå NHH og SNF, men det vert også henta inn gjesteførelesarar frå andre delar av akademia og frå næringslivet. Årets eksterne bidragsytarar kom m.a. frå Universitetet i København, Bergen Energi, FishPool og Point Carbon Trading Analytics and Research.

I tillegg har studentane tilbrakt ein dag som gjester hos StatoilHydro på Sandsli og vore på ekskursjon til Hardanger Akvasenter for å studera fiskeoppdrett på kloss hald ved landets første visingsanlegg for oppdrett.


Nick Puncer
Nick Puncer frå University of Cincinnati i Ohio meiner sommarskulen gjev fin balanse mellom teoretiske og praktiske problemstillingar.

God balanse

Blant deltakarane på årets sommarskule er Nick Puncer. Han og fire medstudentar frå University of Cincinnati i Ohio søkte seg til NHH-kurset etter anbefaling frå ein lærar ved heimeuniversitet.

Etter å ha vore i sving i litt over ei veke er han godt nøgd med kurset.

- Det er ei fin blanding av finansielle og reint samfunnsøkonomiske aspekt og god balanse mellom reint teoretiske og praktiske problemstillingar. Førelesarane er dessutan flinke til å presentera høgst ulike syn på mange av problemstillingane, seier Puncer, som meiner media ofte gjev eit feil bilete av ressursforvaltningsspørsmål.

Han er også nøgd med at studentane fekk vitja StatoilHydro for å få eit innblikk i korleis kunnskap kring ressursutnytting vert nytta i "den verkelege verda."

Den faglege delen av sommarskulen vert avslutta fredag med oppgåveinnleveringar og presentasjonar av prosjektarbeid. Den sosiale avslutninga består av middag på Fløien folkerestaurant om kvelden.

Og etter 14 dagars sommarskuleinnsats på toppen av det ordinære semesteret skal kanskje Nick Puncer heim og ta ferie?

- Eg kom hit nokre dagar før kursstart og fekk litt ferie då. No skal eg heim for å jobbe.


Sommarskule-studentar ved Steinsdalsfossen Foto: Jeanette Vik
Trass i eit tett undervisingsprogam vert det plass til litt sosialt liv og sight seeing. Her er sommarskulestudentane samla ved Steinsdalsfossen nær Norheimsund.
Foto: Jeanette Vik

Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive