Seminar om mikrofinans

Mikrokredittklientar Arkivfoto: Sigrid Folkestad

Fredag 19. juni vert det arrangert eit seminar om mikrofinans ved NHH. Føredragshaldarane er Yale-professor Dean Karlan, NMI-leiar Richard Weingarten og NHH-professorane Kjetil Bjorvatn og Sven Haugland. In English

17.06.2009 - Hallvard Lyssand


Halvdagsseminaret komande fredag skjer i regi av dei ansvarlege for forskingsprosjektet om kurs for mikrokredittklientar som føregår i Tanzania. Les meir på Paraplyen

Blant arrangørane er professor Kjetil Bjorvatn ved Institutt for samfunnsøkonomi.

- Bakgrunnen for seminaret er at professor Dean Karlan frå Yale University, som er ein av verdas fremste ekspertar på mikrofinans, vitjar Bergen i samband med vegleiing.

- Samstundes hadde vi planar om å møta Richard Weingarten, som er leiar av det relativt nyoppretta offentleg-private samarbeidsprosjektet Norwegian Microfinance Initiativ (NMI), og dette er eit godt høve til å samlast i Bergen og ha eit litt større seminar, seier Bjorvatn.

- Vi veit at det er stor interesse og engasjement kring dette temaet og utviklingsspørsmål generelt både blant forskarar og studentar på NHH og i næringslivet lokalt, legg han til.

I tillegg til dei tilreisande føredragshaldarane bidreg professor Sven Haugland frå Institutt for strategi og ledelse og Kjetil Bjorvatn sjølv med innlegg.

- Det er stor breidde i forskinga på mikrofinans ved NHH, og det ønskjer vi å synleggjera, seier Bjorvatn, og legg til at seminaret er ope og at alle interesserte er velkomne.

Halvdagsseminar om mikrofinans
Dato:
Fredag 19. juni
Tid: 12.15-15.30
Stad: Auditorium E

Norwegian Microfinance Initiative

NMI er eit strategisk partnarskap mellom det offentlege, representert ved Norfund og Norad, og dei fire private aktørane Ferd, DNBNOR/Vital, KLP og Storebrand.

NMI si uttalte målsetting er å bidra til betre livsvilkår blant verdas fattige og skapa arbeidsplassar, velstand og økonomisk og sosial vekst i utviklingsland ved å tilby finansiering direkte og indirekte til mikrofinansinstitusjonar.

Les meir på NMI sine nettsider



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive