Bidreg i ny bok om skjermoversetting

Jan Emil Tveit

Den nyutgjevne boka Audiovisual Translation, Language Transfer on Screen samlar artiklar om dei fleste sider ved oversetting for film og TV. Førsteamanuensis Jan Emil Tveit bidreg med eit kapittel om føremoner og ulemper ved teksting og dubbing.

12.03.2009 - Hallvard Lyssand


Det er kanskje ikkje noko ein tenkjer over kontinuerleg, men ulike former for oversetting er ein stor del av svært mange TV- og filmopplevingar. Uansett om det er tale om nyhende, underhaldning, spelefilm eller dokumentar, er undertekstar, dubbing eller voice-over i svært mange tilfelle eit vesentleg element.

Med all programproduksjonen som pågår vert oversetting, teksting og dubbing ei stor og ressurskrevjande oppgåve for TV-kanalar og produksjonsselskap.

Tekstoversetting i seg sjølv medfører ei rekkje utfordringar knytt til presisjon. I audiovisuelle medium vert utfordringane endå fleire, sidan tekst/dubbing må forholda seg nært til lyd og bilete. Tid og plass er dessutan gjerne sterkt avgrensa.

Tekst eller tale?

Men kva er eigentleg den beste og mest effektive metoden av undertekstar og dubbing? Korleis best avgrensa informasjonstap og behalda mest mogeleg autentisitet?

Dette er blant spørsmåla førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon drøftar i artikkelen Dubbing versus Subtitling: Old Battleground Revisited.

Artikkelen utgjer eit kapittel i boka Audiovisual Translation, Language Transfer on Screen, som kom ut på Palgrave Macmillan tidlegare i år.

Boka samlar bidrag frå ei rekkje internasjonale autoritetar på feltet, og tek for seg alt frå problemstillingar knytt til oversetting for film og TV, til framveksten av amatørtekstarar på internett og utfordringar ved å teksta for "live" operaframsyningar.

Praktikar og teoretikar

Jan Emil Tveit er rekna blant Noregs fremste ekspertar på fjernsynsteksting, og har arbeidd mykje med problemstillingar kring skjermoversetting både som praktikar og forskar.

Han var første leiar for tekstings- og oversettingsavdelinga i TV2, og var konsulent for NRK i samband med oppstarten av NRK 2 . Han er dessutan eit internasjonalt namn innan forsking på fagfeltet, og er mykje brukt som førelesar.

I 2004 gav Tveit ut Translating for Television, verdas første handbok for TV-oversettarar.

Bruk tekst når tekst er best

Når det kjem til spørsmålet om å velja mellom undertekstar eller dubbing, konstaterer Tveit at det er føremoner og ulemper med begge metodar.

- Eit problem med teksting er at informasjonstapet fort vert stort. Tekst kan t.d. ikkje konkurrera med tale når det kjem til å uttrykka nyansar, og i teksting for TV og film er tida og plassen ein har til rådvelde så avgrensa at lange, komplekse konstruksjonar er utelukka, påpeikar han, og legg til at tekst fort kan ta merksemda bort frå det andre som skjer på skjermen.

Dubbing og voice-over gjer at sjåarane kan konsentrera seg om bilete og lyd, men ved å fjerna originalstemmer går svært mykje autentisitet og i verste fall truverd tapt.

- Det kan vera alvorleg, særleg i samband med nyhende, seier Tveit.

Alt i alt meiner han teksting er å føretrekka av di ulempene ved underteksting er lettare å omgå enn problema ved dubbing.

Høg NRK-kvalitet

Med naturlege unntak, som t.d. barne-TV, er dei nordiske landa tradisjonelt tekste-land.

Tveit kan konstatera at kvaliteten varierer, men at nyhendetekstinga hjå både NRK og TV2 held solid kvalitet.

- NRK er dessutan blitt svært sterke på programteksting. Det er uhyre sjeldan feil å sjå, og eg må seia eg er imponert over nivået. Det handlar om at dei er viljuge til å bruka ressursane som skal til. Kvalitet kostar, sluttar Tveit.

Audiovisual Translation
Language Transfer on Screen

Jorge Díaz Cintas og Gunilla Andermann (Red.)
Palgrave Macmillan, 2009

Jan Emil Tveit
Førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon er blant bidragsytarane i ei ny utgjeving om oversetting for film, fjernsyn og andre audiovisuelle medier.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive