Vann marknadsføringskonkurranse ved CEIBS

Den tyske NHH-studenten Alexander Nick, som er utvekslingsstudent ved CEIBS i Shanghai, gjekk nyleg sigrande ut av ein marknadsførings-konkurranse i regi av CEIBS og British Airways. In English

19.11.2009 - Hallvard Lyssand


25 år gamle Alexander Nick frå Tyskland er i gang med masterstudiar i International Business på NHH, og er i augneblinken på utvekslingsopphald ved høgt rangerte og prestisjetunge China Europe International Business School (CEIBS) i Shanghai.

Her melde han seg på konkurransen "The Innovative & Interactive Marketing Concept Competition."

Oppgåva var å utvikla ein marknadsføringskampanje for CEIBS sin samarbeidspartnar British Airways.

Deltakarane fekk seks dagar på seg til å utvikla ein kampanjen retta mot kinesiske kundar og/eller reisebyrå, og krava var blant anna at kampanjeutkastet måtte vera kreativt, kostnadseffektivt og truverdig i høve til gjennomføring i praksis.

Nick satsa på eit opplegg som skal fremja London som shoppingdestinasjon for velståande kinesarar i Beijing og Shanghai.

Og kampanjen hans fall altså i smak hjå dommarane, som bestod av fagstab frå CEIBS og representantar frå flyselskapet. Han tok seg først til finalerunden, og sidan heilt til topps i konkurransen.

Alexander Nick fekk skryt for å ha oppfylt alle krav til kreativitet og kostnadseffektivitet, og for å demonstrera solid innsyn i så vel åtferda til kinesiske forbrukarar, som målgruppa til British Airways.

Då sigeren var eit faktum nytta Nick høvet til å understreka at det er undervisninga ved NHH og CEIBS som har gjeve han verktøya og innsikta som må til for å utvikla ein slik kampanje.

Les meir om konkurransen på CEIBS sine nettsider


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive