Årets siste styremøte

NHH desember 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)

Onsdag kjem NHH-styret saman for siste gong i 2010. Blant sakene på agendaen er budsjett for 2011 og opptaksrammer for studieåret 2011/2012.

13.12.2010 - Hallvard Lyssand


Ei rekkje av sakene som skal opp under årets siste styremøte handlar naturleg nok om kva som skal skje til neste år.

Ei av dei større sakene som skal handsamast er budsjettet for 2011.

Styret skal også ta stilling til opptaksrammer for studieåret 2011/12.

Administrasjonens forslag til vedtak er ei opptaksramme på 430-450 studentar på bachelorstudiet, medan ansvaret for å setja opptaksrammer for masterutdanninga vert føreslått delegert til Programutvalget for masterutdanninga.

Vidare skal styret ta stilling til eit forslag om å vidareføra karriererettleiing for NHH-studentar i samarbeid med SiB sitt karrieresenter.

Økonomiregelverket i staten og Riksrevisjon krev at høgskulen gjennomfører risikoanalysar på ei rekkje område. Onsdag får styret orientering om status for analysar gjennomført i 2010 og forslag til nokre endringar i prosessen for 2011.

Dessutan vil det bli orientert om beredskapsarbeidet ved NHH.

Styremedlemene skal også ta stilling til eit forslag til styringskalender for 2011 og vurdera tema for eige strategiseminar.

Jubileumsåret kjem stadig nærare, og blant meldingssakene som vert lagt fram er status for arbeidet med jubileet.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive