Inviterer til masteroppgåve-konkurranse

Institutt for samfunnsøkonomi inviterer alle studentar som skriv masteroppgåve innan samfunnsøkonomi til å delta ein konkurranse om beste oppgåve. Premien er både heider, kroner og sjansen til å leggja fram arbeidet for instituttet.

02.06.2010 - Red.


Institutt for samfunnsøkonomi arrangerer masteroppgåvekonkurransen ein gong i året. Prisen vert tildelt uavhengig av valt profil og konkurransen er open for alle som skriv oppgåve innanfor det samfunnsøkonomiske feltet, men oppgåva må vera levert til sensurering i løpet av dei 12 siste månadene.

Målet med konkurransen er å få opp engasjementet for å skriva gode oppgåver. Samstundes får ein også synleggjort nokre av dei gode arbeida som vert gjort, heiter det på heimesidene til instituttet.

Vinnaren får kr 10.000, ein diplom og sjansen til å leggja fram arbeidet for instituttet ved eit passande høve.

Fristen for innlevering av oppgåver til konkurransen er 1. juli 2010.

Ein komité utnemnt av instituttet kårar ein vinnar i september.

Les meir om deltaking på instituttet sine nettsider


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive