Språkrådet vitja NHH

Språkrådet på besøk (foto: Knut André Karlstad)

Språkrådet er på Bergensbesøk denne veka. Onsdag var fagspråk- og terminologimiljøa i byen samla på NHH for å diskutera status innan norsk fagspråkbruk.

03.06.2010 - Knut André Karlstad


Kvart år legg styret i Språkrådet eit av styremøta sine utanfor Oslo. I år vart det bestemt at ein skulle besøka Bergen, som har miljø og aktørar som er viktige for norsk språkbruk. Då Stortingsmeldinga Mål og meining: Ein heilskapleg norsk språkpolitikk vart lagt fram i 2008 vart stoda på feltet oppsummert slik: "Samla sett er det i dag ein kritisk situasjon for norsk fagterminologi. Omsetjing av internasjonale standardar ligg sterkt på etterskot, og det organiserte terminologiarbeidet ligg nede. Den aktiviteten som går føre seg, er spreidd og ukoordinert, og den terminologiske produksjonen blir i liten grad gjord tilgjengeleg eksternt.".

Paraplyen tok ein prat med direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim, då møtet på NHH var ved vegs ende onsdag.

Kva har dykk erfart i Bergen i dag, Lomheim?
- Det som har skjedd er at Språkrådet har møtt fagspråkmiljøa i Bergen. Vi har dessverre ikkje store fagspråkmiljø i Noreg, men dei største av dei små vi har, er her i Bergen. Det har vore eit fint møte. Vi har diskutert kva som kan gjerast nasjonalt for å utvikla tradisjonelt fagspråk. Stortinget har bestemt at det skal skje, og ansvaret er plassert på universiteta og høgskulene. Fagspråk og terminologi er rett og slett heilt nødvendig for å ha eit kunnskapssamfunn som er konkurransedyktig. Då forstår alle at vi ikkje snakkar om ein uvesentlegheit.

Korleis er stoda innan norsk fagspråk pr. i dag?
- Den er ikkje tilfredsstillande. På mange område har vi haltande og ikkje tilfredsstillande fagspråk. Fagfolka kan ikkje utvikle dette godt nok, og språkmiljøa kan ikkje gjere det for dei. For at dette skal bli tilfredsstillande må språket utviklast i kontakt mellom fagmiljøa og fagspråkmiljøa.

Kan du gje nokre konkrete døme på fagområde der det skortar?
- Ta til dømes ingeniørstudiet i Trondheim. Der er veldig mykje av pensum på engelsk. Tannlegeutdanninga er på engelsk. Då lærer dei ikkje fagspråket på norsk, språket dei nytter til pasientane. Medisin er på engelsk… du kan ta alle utdanningane. Ein lærer ikkje fagspråket sitt på norsk, og dei skal jo jobbe i Noreg, ikkje i utlandet. 95 prosent av dei som vert utdanna skal arbeide i Noreg.

Innan økonomi ser ein også ein omfattande bruk av engelske termar i norske samanhenger. Er det eit problem?
- Det tunge kjerneområdet på NHH er økonomi og administrasjon. Det er behov for å utvikla ein termbase for norsk økonomisk fagspråk for alle som driv med fagfeltet. Vi treng ein termbase både på engelsk og norsk. Men ikkje berre på bakgrunn av fagarbeid, og ikkje tilfeldig slik det skjer no.

Lomheim og styreleiar Ida Berntsen i Språkrådet hadde ein kronikk på trykk i onsdagens BT om Språkbyen Bergen. Der skriv dei mellom anna at "Når høgskulane og universiteta no har fått eit spesielt språkpolitisk ansvar for å bruke norsk, er det ikkje minst for å gjere studentane skikka til å kommunisere fagkunnskapen sin når dei skal ut i arbeidslivet.".

Eit av tiltaka for å betre situasjonen for norsk fagspråk er eit masterstipend som styret i Språkrådet vedtok på styremøtet onsdag ettermiddag. Der vart det vedtatt å lyse ut eit stipend på 50 000 kroner til ein masterdtudent som skriv om norsk fagspråk og terminologi. Masterutreiinga må vera på norsk.

Sylfest Lomheim
DYSTERT. Sylfest Lomheim og Språkrådet ynskjer å betre situasjonen for norsk fagspråk.
Foto: Knut André Karlstad
Språkrådet
DISKUSJON. Norsk fagspråkproblematikk vart livleg diskutert då Språkrådet vitja NHH. Sylfest Lomheim (med ryggen til) i prat med Sunniva Whittaker (t.v.), Gisle Andersen og Ingrid Simmonæs.
Foto: Knut André Karlstad

Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive