Case-satsing på tvers av fag

Case-prosjekt SAM020 og SOL010 (Illustrasjon)

Torsdag 30. september var over 400 studentar på plass i aud. max. for å ta del i ei nyskaping ved NHH: Eit felles case-prosjekt for to obligatoriske bachelorfag ved ulike institutt. Oppgåva skal løysast i grupper, munnleg presentasjon tel tungt i sluttvurderinga og næringslivsrepresentantar bidreg både i undervisninga og i vurderinga.

08.10.2010 - Hallvard Lyssand


"Du er nytilsett økonom i flyselskapet Norwegian med spesielt ansvar for forretningsstrategi. Selskapet har bede ei lita gruppe svara på tre sentrale spørsmål om selskapet sin strategi knytt til høvesvis prissetting, marknadsposisjon og etablering av nye ruter. Analysen skal presenterast for styret både munnleg og i ein kort skriftleg rapport."

Dette er i korte trekk oppgåva godt over 400 tredjesemesters bachelorstudentar fekk presentert då dei var samla til ein felles case-dag for faga SAM020 Vidaregåande mikroøkonomi og SOL010 Marknadsføring sist veke.

Oppgåva skal løysast i grupper på tre studentar. I SAM020 får dei ein eigen karakter på case-prosjektet. For å få kursgodkjenning i SOL010 er det krav om å oppnå minimum C på oppgåva om marknadsposisjonering, og studentane må dessutan vera budde på spørsmål knytt til caset under ordinær eksamen.

Djupare forståing gjennom praksis og fagkopling

Kjetil Bjorvatn (Arkivfoto)
Dekan for bachelorutdanninga ved NHH, professor Kjetil Bjorvatn. (Arkivfoto)

Det er første gong det vert gjennomført eit slikt prosjekt på tvers av institutt og fag på bachelornivå på NHH.

Initiativet kom frå dekan for bachelorutdanninga, professor Kjetil Bjorvatn.

- Målet er å stimulera til jamn lesing gjennom heile semesteret, og å bidra til betre forståing gjennom praktiske bruk av kunnskap og ved å knyta tettare band mellom ulike fag. Samstundes får studentane trening i å skriva kortfatta rapportar og i munnleg presentasjon, noko dei vil trengja i yrkeslivet, seier Bjorvatn.

Bakgrunnen for opplegget er m.a. tilbakemeldingar frå studentane i samband med evalueringa av bachelorstudiet i 2008. Både i denne og andre evalueringar vert det etterlyst meir praktisk retta undervisning og trening i munnleg presentasjon.

Tett relaterte

- Vi valde å kopla saman kursa SAM020 og SOL010 fordi dei er obligatoriske tredjesemesterkurs som tek opp problemstillingar som er tett relaterte, seier Bjorvatn.

Opplegget og Norwegian-oppgåva er utvikla i samarbeid mellom dekanen, dei kursansvarlege, professorane Lars Mathiesen (SAM020) og Magne Supphellen (SOL010), professorane Frode Steen og Lars Sørgard frå Institutt for samfunnsøkonomi.

- Vi valde flyreisemarknaden som case av di det er eit felt som er velkjent og lett å forholda seg til for studentane, samstundes som vi har folk med svært god kompetanse på området, forklarar Bjorvatn.


Case-dag, SAM020 og SOL010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Over 400 tredjesemesters bachelorstudentar er i gang med caseløysing i faga SAM020 og SOL010.

Positivt pilotprosjekt

Magne Supphellen konstaterer at det bokstaveleg tala er snakk om eit pilotprosjekt.

- Vi har prøvd tilsvarande innan SOL-faga, og arbeidd ein del på tvers på masternivå, men aldri på bachelor. Det er eit svært positivt initiativ, seier Supphellen.

- Det dei får læra gjennom dette opplegget ligg nærare praksis, for der må ein jo integrera kunnskap frå ulike område, fortsett han.

- Ei av utfordringane ved organiseringa er individuelle studieløp. Nokre studentar kan til dømes ha fritak frå eit av faga dette semesteret. Det er ei utfordring med omsyn til gruppesamansettinga.

- Risikerer ein at eit slikt prosjekt får slagside ved at eit fag får meir vekt enn det andre?

- Det er ei problemstilling vi har vore svært merksame på og arbeidd for å unngå heilt sidan vi byrja å planleggja. Utfordringa er at ein må kunna begge fagområde godt før ein ser korleis dei tangerer, og derfor valde vi å kombinera to område studentane læra. No vert det spennande å sjå korleis dei taklar dette, sluttar Supphellen.

Magne Supphellen (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Magne Supphellen ved Institutt for strategi og ledelse er kursansvarlig for SOL010.

G.K-hjelp

18. oktober skal gruppene levera dei skriftlege rapportane. Dei to påfølgjande dagane vert det fire parallelle sesjonar der gruppene får 15 minuttar kvar til å presentera analysane sine munnleg for "Norwegian-styret" i form av ein fagperson frå NHH og ein representant frå kommunikasjonsverksemda Geelmuyden.Kiese.

- Hans Geelmuyden har bidrege til case-undervisninga på SOL tidligare. Vi tok kontakt med ham både for å høre om hans erfaringar og etterkvart for å undersøka om dei kunne stilla med representantar i samband med dei munnlege presentasjonane, seier Kjetil Bjorvatn.

- Det er likevel fagpersonane frå NHH som har ansvaret for karaktersettinga. Folka frå Geelmuyden.Kiese skal primært bidra med vurderingar av det reint presentasjonstekniske, understrekar han.

Power Point-poeng og peikestokk-kutyme

Torsdag 30. september vart det arrangert ein eigen firetimars case-dag som førebuing til arbeidet.

Etter ein presentasjon av bakgrunnen for prosjektet, gav pedagogikkprofessor Arild Raaheim frå UiB ei innføring i kva ein bør tenka på når ein skal presentera noko munnleg.

- Her er munnleg presentasjon viktig. Det utgjer 60 prosent av case-karakteren [i SAM020], påpeikte han, før han tok for seg alt frå stemme- og armbruk til verkemiddel som power point, tavle og peikestokk.

- Bodskapen er det sentrale. Tenk på kva det vil at publikum skal sitja att med når de er ferdige. Power point og slikt er berre reiskapar for å få fram bodskapen. Ver godt førebudde og ver korte og poengterte. Presenter problemstillingen og kom med konklusjonen kjapt, så folk slepp å venta, understreka Raaheim.

Han minna vidare om at ein må vera bevisst og prøva å unngå alt frå kvilelaus vandring på podiet til halselaus veiving med peikestokkar til fare for så vel publikum som medpresentatørar.

Frode Steen (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Frode Steen gav studentane innføring i marknadsutfordringar i norsk luftfart.

Luftkamp mellom lågprisbaronar og nettverksbyggjarar

Studentane fekk også nærare fagleg innføring i temaet for sjølve caset.

Professor og luftfartsekspert Frode Steen gav ein presentasjon av marknadsutfordringar i norsk luftfart med vekt på prising, posisjonering og etablering av kundegrupper.

Steen tok for seg alt frå utviklinga i konkurransen mellom lågprisselskap som Norwegian og nettverksselskap som SAS, via ulike passasjertypar til flyselskapa sine avanserte metodar for seteprising.

Han illustrerte med anekdotar om høgtflygande produktutvikling, som då Ryan Air utløyste ramaskrik ved å prøva å ta betalt for passasjerane sine dobesøk (selskapets eigen konklusjon: "the customers weren't ready yet.").

NHH-alumni og kommersiell direktør i Norwegian, Daniel Skjeldam. (Foto: Hallvard Lyssand)
NHH-alumni og kommersiell direktør i Norwegian, Daniel Skjeldam, bidrog med gjesteførelesning.

- Etterlyste mindre teorimessing

Også Norwegian var representert på case-dagen. Kommersiell direktør Daniel Skjeldam stilte som gjesteførelesar.

Han gjekk gjennom selskapets historikk og strategiske val, og såg litt nærare på prisingsmekanismar og prisstyring med eit strategisk fundament.

Skjeldam vart sjølv uteksaminert som siviløkonom frå NHH i 2001 og har vore med i leiargruppa i Norwegian sidan oppstarten i 2002.

- Kvifor stiller Norwegian opp på noko slikt som dette?

- Vi er mykje ute og held føredrag. Det er både for å fortelja om selskapet og for å koma i kontakt med studentmiljøet og få innspel, sa Skjeldam til Paraplyen før førelesinga.

- Sjølv har eg vore gjesteførelesar både på NHH og NHH Executives Mastra-studium, og særleg når det vert interaksjon med salen er det givande, la han til.

- Kva meiner du som NHH-alumni om case-opplegget?

- Eg treivst godt ved NHH, men også vi etterlyste mindre messing av teori og meir case og aktivisering av studentane, og det er veldig positivt å sjå at det skjer no, sa Skjeldam.

Bachelorstudent Hans Christian Ystgaard (Foto: Hallvard Lyssand)
Halvvegs i case-dagen meinte bachelorstudent Hans Christian Ystgaard at opplegget verka lovande.

- Verkar lovande

Og kva meiner bachelorstudentane?

Etter første del av case-dagen var iallfall Hans Christian Ystgaard (22) positiv.

- Det er bra med slik undervisning, og opplegget verkar lovande med hyper-relevant tema og bidrag frå ein representant frå bransjen, sa han til Paraplyen.

- Eit slikt prosjekt er ikkje prøvt på NHH i denne skalaen tidlegare. Du er ikkje redd for at de vert prøvekaniner med dei karakterkonsekvensane det kan få?

- Det kan jo vera nokre uheldige moment. Til dømes kan ein risikera å hamna på gruppe med nokon som ikkje er like motiverte som ein sjølv. Slik sett hadde det kanskje vore betre å berre vera berre to eller åleine, men det hadde vorte praktisk vanskeleg, sa Ystgaard.

Han er likevel ikkje særleg uroleg for negative utslag.

- Vi manglar jo presentasjonstrening, og det kan slå negativt ut for nokon. Men dei som skal setja karakterar har tross alt erfaring med å evaluera, slutta han.

Kvit2
NHH og kvalifikasjonsrammeverket

NHHs studieplaner for studieprogrammene og kursbeskrivelser må skrives om for å oppfylle nasjonale og internasjonale kvalifikasjonsrammeverk for beskrivelse av læringsutbytte på ulike utdanningsnivå.

Programutvalgene tar seg av studieprogrammene, men de enkelte kursholderne må tilpasse beskrivelsene av sine kurs til det nye rammeverket.

Dekanene ved NHH ønsker samtidig å benytte prosessen til å tenke nytt om både læringsutbytte, undervisningsopplegg og vurderingsformer.

Programevalueringer viser at NHH-kandidatene mener de får utviklet solide analytiske evner gjennom utdannelsen, men at treningen i etisk refleksjon og muntlig fremstilling er svakere.

Bedrifter som ansetter NHH-kandidater melder at disse kan bli sterkere innen forretningsforståelse, omsetning av teori til praksis, team-orientering, etisk refleksjon og fokus på menneskelige aspekter.

Et av målene med den pågående prosessen er å undersøke hvilke pedagogiske grep som kan bidra til å styrke studentenes læringsutbytte på de områdene som blir vurdert som svake.

For å stimulere til nytenkning rundt pedagogikk og vurderingsformer vil det bli arrangert ulike seminarer og kurs om alt fra aktivisering av studenter og alternative vurderingsformer til case-undervisning.

Paraplyen vil dessuten publisere en serie med presentasjon av et utvalg kurs som eksempel og til inspirasjon. Denne artikkelen er den første i serien.

Les introduksjonsartikkelen til serien her



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive