Energi- og miljøøkonomar samla ved NHH

Energy and Environment (Foto: Hallvard Lyssand)

Konferansen Energy and Environment som vert arrangert ved NHH torsdag og fredag samlar forskarar frå ei rekkje ulike miljø som arbeidar med miljø- og energispørsmål.

20.01.2011 - Hallvard Lyssand


Konferansen Energy and Environment i regi av NHH, SNF, IAEE og Norsk Forening for Energiøkonomi samlar ei rekkje økonomar og andre fagfolk til innlegg og diskusjonar om alt frå klimaendringar og fornybar energi til den nordiske elektrisitetsmarknaden og Bye-utvalgets arbeid.

I tillegg til ei lang rekkje forskarar frå ulike institutt ved NHH og SNF, deltek representantar frå m.a. Universiteta i Oslo og Bergen, NTNU, Handelshøgskolen ved UMB, Cicero, Frisch-senteret, Finansdepartementet, Statnett og BKK.

Les meir om konferansen og sjå heile programmet i førehandssak på Paraplyen

Konferansen Energy and Environment samlar ei rekkje framtredande forskarar innan miljø- og energiøkonomi - her representert ved NHH-professorane Einar Hope (t.h.) og Agnar Sandmo, og UMB-professor Ole Gjølberg, som også er professor II ved NHH.
Energy and the Environment (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Finn R. Førsund frå UiO heldt innlegget "Renewable energy expansion and value of balance regulation power," og vart kommentert av forskar Frode Skjeret frå SNF.
Frode Skjeret, Energy and Environment (Foto: Hallvard Lyssand)

Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive