GEP debatterer den nordiske modellen

GEP-logo

Erna Solberg (H), Dag Terje Andersen (Ap) og professor Frank Aarebrot er innleiarar når GEP inviterer til konferanse om den nordiske modellen torsdag 10. februar.

31.01.2011 - Hallvard Lyssand


Global Economic Perspectives (GEP) er eit underutval i NHHS og arbeider for å setja viktige samfunnsspørsmål på agendaen og å skapa arenaer for meinings- og kunnskapsutveksling.

Torsdag 10. februar arrangerer GEP sin årvisse vårkonferanse. I år er tema den nordiske modellen.

- Utgangspunktet vårt var at vi ville ta opp spørsmål som handla om "demokratiet" i vid forstand. Etter kvart vart temaet snevra vi inn til å fokusera på den nordiske modellen, seier arrangementsansvarleg Jens Martin Dahlum.

Den nordiske samfunnsmodellen går på tvers av ein del økonomisk teori ved m.a. å vera kjenneteikna av en stor offentleg sektor, høge skattar, omfattande velferdsordningar og stor grad av fagorganisering i arbeidslivet, men også av høg arbeidsmarknadsdeltaking, økonomisk vekst, effektivitet og konkurransedyktigheit utan å ty til proteksjonisme.

Linn Elise K. Bjerkeli og Jens Martin Dahlum, GEP (Foto: Hallvard Lyssand)
Leiar Linn Elise K. Bjerkeli og arrangementsansvarleg Jens Martin Dahlum inviterer alle interesserte til GEP-konferanse om den nordiske modellen torsdag 10. februar.

Dahlum og GEP-leiar Linn Elise K. Bjerkeli påpeikar at norske politikarar, med statsminister Jens Stoltenberg og utviklingsminister Erik Solheim i spissen, reklamerer for den nordiske modellen som eksportvare. Denne bodskapen er blant anna formidla i samband med politikk- og næringslivstoppmøtet World Economic Forum i Davos.

GEP ønskjer å gå den nordiske modellen nærare etter i saumane. Er det i det heile tatt tale om ein modell? Kva er det i tilfelle som gjer han spesiell? Bør han forsvarast? Er han berekraftig? Kan han overleva omstillingane vi står overfor i dei komande åra?

- For å sjå det heile i eit lengre perspektiv ønskjer vi også debatt om korleis vi eventuelt kan tryggja den nordiske modellen og velferdssamfunnet etter 2020, seier Dahlum.


Solberg, Aarebrot og Andersen

Erna Solberg, Frank Aarebrot og Dag Terje Andersen, GEP våren 2011 (Foto:Stortinget.no/UiB)
Erna Solberg, Frank Aarebrot og Dag Terje Andersen kjem til GEP for å diskutera framtida til den nordiske modellen.
Foto: Stortinget.no/UiB

Til å diskutera dei ulike problemstillingane har GEP invitert Høgre-leiar, stortingsrepresentant og tidlegare statsråd Erna Solberg, Ap-politikar, tidlegare statsråd og sitjande stortingspresident Dag Terje Andersen og professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot frå Universitetet i Bergen.

- Vi ønskte oss sentrale politikarar frå høgre- og venstresida, og byrja på toppen, seier Bjerkeli, og legg til at Aarebrot skal utgjera den uavhengige mellomposisjonen.

NHH-studentar utgjer normalt størstedelen av publikum under GEP, men arrangørane understrekar at konferansen er open for NHH-ansatte og alle andre som ønskjer å delta, og legg til at det vert servert pizza etter konferansen.

GEPs vårkonferanse 2011
Hvordan trygge den nordiske modellen og velferdssamfunnet etter 2020?
Dato: Torsdag 10. februar 2011
Tid: 16.15-19.30

Les mer om GEP



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive