Til finalen i internasjonal økonometrikonkurranse

Econometric game (Logo)

Laget frå NHH tok seg til finalen i årets utgåve av økonometrikonkurransen the Econometric Game.

05.05.2011 - Hallvard Lyssand


The Econometric Game er ein konkurranse i anvendt økonometri i regi av organisasjonen til økonometristudentane ved Universitetet i Amsterdam (VSAE).

Econometric Game samlar lag frå 25 leiande utdanningsinstitusjonar over heile verda og er blant dei mest prestisjefylte blant business-skular.

Årets Econometric Game gjekk over tre dagar i april. Første dag deltok alle på ei førelesing av Frank Windmeier. PÅ dag to byrja sjølve konkurransen der laga må løysa økonomiske oppgåver med økonometriske verktøy. Berre dei ti beste laga gjekk vidare til finalen på dag tre. NHH-laget var blant dei som gjekk vidare.

Fjerde gong

NHH deltok for første gong i 2008, og har sidan vore med kvart år.

2011-laget bestod av doktorgradsstudentane Magnus Kvåle Helliesen og Katrine Holm Reiso, og masterstudentane Eva Marie Bakke, Leroy Egbeocha Andersland og Chris Edson.

Laget vart valt ut og fekk oppfølging av førsteamanuensis Astrid Kunze og professor Øyvind Anti Nilsen ved Institutt for samfunnsøkonomi. Instituttet og PMU bidreg med pengestøtte til deltakinga.

- Når vi skal setja saman eit lag ser vi etter studentar med interesse for økonometri og anvendte økonomiske spørsmål, og for å verta aktuell må ein ha gode karakterar i økonometri, seier Kunze til Paraplyen.

Blant årets utvalde hadde Reiso og Helliesen delteke høvesvis to og tre gonger tidlegare, medan masterstudentane var debutantar.

Econometric game 2011 (Foto: Eva Marie Bakke)
Fire femdelar av NHH-laget i sving under konkurransen: frå venstre sit Leroy Egbeocha Andersland, Magnus Kvåle Helliesen, Katrine Holm Reiso og Chris Edson. Fotograf er Eva Marie Bakke.

Alkohol, svangerskap og borns prestasjonar

- Årets første case handla om å undersøkja om alkoholinntak under svangerskapet påverkar borns prestasjonar på ein standardisert prøve teke i 14-årsalderen, forklarar Helliesen.

- Det andre caset gjekk ut på å undersøkja to ting: for det første om alkoholinntak under svangerskapet påverkar borns sannsynlegdom for å oppnå en viss poengsum på den nemnde prøven, og for det andre om fedme påverkar borns evne til å omgås jamaldrande.

- Korleis de gjekk fram for å løysa oppgåvene?

- Spørsmåla er problematiske fordi mødrer kan være fundamentalt ulike som foreldre utover drikkevanane sine. Og eit tilsvarande problemet gjeld slanke og overvektige barn. Regresjonsmodellar vil derfor trulig plukka opp andre effektar i tillegg til det vi er interessert i, forklarar Helliesen.

- Ei løysing vil vera å finna eit instrument som påverkar drikkevanar og fedme, men ikkje borns prestasjonar. Vi fekk data om mødrer sine genar som kan påverke drikkevanar og borns genar som kan påverke fedme, og desse fungerte som instrument, legg han til.

- Delt fjerde

Av dei ti laga som kom til finalen var det berre dei tre beste som vart rangerte.

Til slutt gjekk Maastricht University av med sigeren framfor laga frå University of Oxford og University of Cambridge.

- I og med at vi ikkje kom på pallen vil eg seia at vi kom på delt fjerdeplass, konstaterer Helliesen og legg til at ein bonus ved deltaking i konkurransen er at ein vert kjent med unge økonomi- og økonometristudentar.

Mykje å henta fagleg

Astrid Kunze (Arkivfoto)
Astrid Kunze.

Astrid Kunze påpeikar at studentane har mykje å henta reint fagleg ved å delta i ein konkurranse som Econometric Game.

- Dei får bruka økonometriske og statistiske metodar saman med verkelege og interessante data for å svara på spørsmål som er veldig viktige for å forstå utviklinga i samfunnet, seier ho, og held fram:

- Oppgåvene har variert frå å analysera effektiviteten av ulike reformer, som for eksempel utdanningsprogram, til spørsmål om aids-testing, alkohol og fertilitet og problemstillingar knytt opp mot reklame og respons på "direct-mailing."

- Problemstillingane og oppgåvene som blir gitt er reelle og såleis av interesse for både "policy makers" og for leiinga i ulike bedrifter. Dessutan er det problemstillingar som deltakarane kan møta i yrkeslivet, enten dei vert byråkrater, konsulentar eller bedriftsleiarar.

Kunze understrekar at det ikkje utelukkande er det metodiske eller økonometriske som er viktig, men også evna til å svara på oppgåvene på ein måte som gjer at dei lett kan presenterast for mottakarane, anten det er reelle oppdragsgjevarar i yrkeslivet, eller dommarane i konkurransen.

- Konkurransen gjev deltakarane trening i lagarbeid og å løysa vanskeleg oppgåver under sterkt tidspress. Dei får sjølvtillit i høve til at dei er i stand til å produsera gode analysar der fokuset er problemløysing, og eventuelle teknikalitetar må tonast ned, seier ho.

- Men utan gode basiskunnskapar i økonometri og metode, vil det sjølvsagt vera vanskeleg å gjera slike analysar, legg ho til, og avsluttar:

- Konkurransen viser at den utdanninga studentane får ved NHH gjer at dei kan samanlikna seg med studentane frå dei aller beste universiteta i Europa og USA.

Les meir om Econometric Game



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive