Nye tilsette i studieadministrasjonen

Nye i studieadministrasjonen 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

Studieadministrasjonen har fått fire nye tilsette.

09.03.2011 - Hallvard Lyssand


Espen Dahle (Foto: Hallvard Lyssand)
Espen Dahle.

Espen Dahle (37) byrja i ei stilling som førstekonsulent i midten av februar. Han skal arbeida med administrasjon av doktorgradsutdanninga og vera sakshandsamar for dekanen og Programutvalet for doktorgradsutdanninga.

Dahle har arbeidd som universitetslektor og vore stipendiat ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.


Bodil Hølleland (Foto: Hallvard Lyssand)
Bodil Hølleland.

Bodil Hølleland byrja i ei stilling som førstesekretær i Infosenteret.

33-åringen er utdanna tannhelsesekretær, og har m.a. arbeidd i Bergen kommune, ved Høgskolen i Bergen og i Helse Vest IKT.


Hilde Vik (Foto: Hallvard Lyssand)
Hilde Vik.

Hilde Vik (42) byrja i ei mellombels stilling som førstesekretær i Infosenteret i november 2010.

Vik har tidlegare arbeidd som personalansvarleg og gruppetreningsansvarleg, og ho har utdanning innan organisasjon og leiing frå NHH Executive og HMS frå Høgskolen i Bergen/Nutec.


Hilde M. Munch (Foto: Hallvard Lyssand)
Hilde M. Munch.

Hilde M. Munch byrja i ei mellombels stiling som førstekonsulent 1. mars, og skal m.a. arbeida med studierettleiing og opptak til masterstudiet.

28-åringen er master i økonomi og administrasjon frå Copenhagen Business School, og har arbeidd eitt år som sakshandsamar i det danske Miljøministeriet.

I tillegg til nytilsetjingane fører permisjonar til interne endringar ved avdelinga. Vikarierande studiesjef Kjersti Danilova skal ut i permisjon, og Kjetil Sudmann Larssen er konstituert som studiesjef fram til 31. august i år.

Inger Marie Milde er konstituert som kontorsjef i same periode.



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive