FIBE 2012: Avgjerder i fokus

Tittelen på FIBE i år er «Beslutninger - teft eller tanke?». Vi tek økonomiske avgjerder ved å bruke rasjonelle modellar, men òg ved å bruke teft og intuisjon. Det skal forskarar og praktikarar på FIBE-konferansen diskutere.

28.11.2011 - Hogne Ulla


Fagkonferanse i bedriftsøkonomiske emne (FIBE) legg i år opp til to plenumsforelesarar som skal få deltakarane til å fokusere på paneldebatten. Det fortel årets FIBE-sjef, professor Sigurd Troye frå institutt for strategi og leiing.


Betre avgjerdstakarar

Professor Sigurd V. Troye kan fortelje at FIBE 2012 har eit innhaldsrikt og spennande program.
Foto: Arkiv

- Gerd Gigerenzer og Tore Ellingsen er begge internasjonalt profilerte og respekterte forskarar som demonstrerer stor originalitet, djupn og breidd på forskingsfelta sine.

Gigerenzer var tidlegare professor i psykologi ved universitetet i Chicago. I dag er han direktør ved Max Planck Institute for Human Development i Berlin. Ellingsen er professor i økonomi ved Stockholm School of Economics.

Temaet for plenumsforedraga blir følgt opp i paneldebatten. Der vil næringslivsleiarar og forskarar diskutere implikasjonane av foredraga for praksis og undervisning. Spørsmålet blir då om økonomar og leiarar treng andre ferdigheiter og kunnskapar for å bli betre avgjerdstakarar.

Tittelen på konferansen er «Beslutninger - teft eller tanke?». Troye kan forklare kvifor det blir eit fokus i januar.

- Tittelen viser til at vi tek avgjerder på ulike måtar: ved hjelp av formelle avgjerdsalgoritmar og forenklande, men ikkje nødvendigvis heilt optimale heuristikkar, og ved å bruke teft og intuisjon. På den eine sida har vi rasjonelle, ofte økonomisk baserte modellar av korleis ei avgjerd bør takast. På den andre sida har vi beskrivingar av korleis avgjerder faktisk blir tekne, utdjupar Troye.

Troye meiner at FIBE bidreg til å skape ein felles nasjonal fagleg identitet og byggjer bruer mellom nasjonale institusjonar som gjerne oppfattar seg som konkurrerande.


FIBE i 25 år

Konferansen har i over 25 år vore ein sentral arena for idéutveksling og fagleg debatt. Bedriftsøkonomiske problemstillingar innanfor heile spekteret av emne blir diskutert.

- Eit anna viktig moment er at vi truleg samlar rekordmange fagøkonomar innanfor feltet i éin og same konferansen, poengterer Troye.

Det er lagt opp til to konferansedagar med tett program.

- Paneldebatten blir fredag, etter at inntrykka frå plenumsforelesingane på torsdag er fordøya. På denne debatten tek vi opp hovudtemaet, om avgjerder er teft eller tanke. FIBE er ein glimrande arena for å presentere og diskutere forsking innanfor fagfeltet, seier Troye.

Vil bryte ned barrierar

Han fortel at dei oppmuntrar særleg yngre forskarar til å delta.

- Eit av hovudmåla til FIBE er å bryte ned barrieren det kan vere for yngre forskarar å delta i ei breiare forsamling. Derfor opnar vi for at ein får presentert og diskutert både gjennomarbeidde bidrag og dei som er av meir foreløpig karakter, seier Troye.

Troye forklarer òg at ein ikkje nødvendigvis må ha eit 100 prosent ferdig arbeid til konferansen.

- Vi kan skilje mellom relativt tidlege versjonar av framtidige artiklar og gjennomarbeidde oppsummeringar av artiklar som alt er publiserte i internasjonale fagtidsskrift. Den første gruppa stimulerer til fagleg utvikling, den andre gruppa gjer oss bevisste på norske bidrag på forskingsfronten. Begge typane er såleis viktige, avsluttar Troye.

Påmelding: se her (frist 12. desember)


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive