NHH innleier studieåret
Måndag 13. august markerer NHH starten på studieåret med immatrikulering av om lag 700 nye bachelor- og masterstudentar. Årets hovudtalar er ordførar i Bergen, Trude Drevland.
10.08.2012 - Red.
NHH ønskjer alle nye studentar velkomne til ein høgtideleg immatrikuleringsseremoni måndag 13. august.
NHH sitt bachelorprogram i økonomi og administrasjon har vore landets mest søkte studium i seks år på rad. I år kjempa 5000 søkarar om cirka 450 plassar. Heile 48 prosent av dei som fekk tilbod om studieplass er kvinner, ein kraftig auke frå tidlegare år.
Program for veka: Måndag 13. august: Seremoni for dei nye bachelorstudentane i høgskulen sin aula klokka 10.00.
Måndag 13. august: Nær 250 nye masterstudentar i økonomi og administrasjon vert immatrikulerte frå klokka 14.00 i aulaen. Seremonien føregår på engelsk.
Onsdag 15. august: Dei ca. 130 masterstudentane i rekneskap og revisjon skal immatrikulerast.
Fredag 17. august: Om lag 220 utvekslingsstudentar vert ønskte velkomne.
Program for immatrikuleringa av nye studentar til bachelorstudiet: Stad og tid: NHH sin aula, måndag 13. august klokka 10.00
1. UKEkoret Optimum
2. Velkomsttale ved rektor Jan I. Haaland
3. Tale til studentane ved Trude Drevland, ordfører i Bergen
4. Andreas Sande - piano
Edvard Grieg - Lyric Pieces Op 65, Bryllupsdag på Troldhaugen
5. Immatrikulering
6. Pikekoret Sangria
7. Utdeling av pris for fremragende lærerinnsats ved prorektor Gunnar E. Christensen
8. Tildeling av doktorgradsdiplomer ved viserektor Mette H. Bjørndal og dekan Helge Thorbjørnsen
9. Leder i Norges Handelshøyskoles Studentforening, Saliba Andreas Korkunc, hilser de nye studentene
10. Andreas Sande - piano
Frédéric Chopin - Fantasie Impromptu, Op 66
Komande arrangement på NHH:
04.09: NHH Forum: PwC og Ernst and Young: The Scandals and Secrets to Success.
Møteplass mellom bedrifter, studentar og stab på NHH.
05.09: Argentum Centre for Private Equity Symposium 2012. http://www.nhh.no/privateequity
19.09: Opning av senter for skatteøkonomisk forsking.
Pressekontakt: [email protected]
21.-30.09: Forskingsdagane
www.forskningsdagene.no/bergen
25.9: Lehmkuhlforelesning: Kristin Skogen Lund, NHO-president og konserndirektør i Telenor.
Pressekontakt:[email protected]
28.-29.09: Nordic Conference on Behavioral and ExperimentalEconomics.
www.thechoicelab.no
19.10: Høstkonferansen i Oslo i regi av forskingsprogrammet Krise, omstilling og vekst.
20-22.11: Financial secrecy, society and vested interests.
Internasjonal konferanse om «transparency»Vert arrangert samarbeid med Utanriksdepartementet og organiasjonen Publish What You Pay, http://pwyp.no/
Meir informasjon: Informasjonsavdelingen NHH, e-post: [email protected], tlf 55 95 92 40
Konst. informasjonssjef Kristin Risvand Mo, e-post: [email protected]; tlf. 915 99 661
|