Ledig stilling som kommunikasjonssjef

NHH søkjer ein kommunikasjonssjef til å leie og utvikle Kommunikasjonsavdelinga.

14.12.2012 - Red


NHH har ei eiga kommunikasjonsavdeling med seks tilsette. Avdelinga har det overordna ansvaret for kommunikasjonsstrategien til NHH, inkludert forskingsformidling, internt og eksternt informasjonsarbeid, den visuelle profilen til NHH og NHH Alumni. Redaktøransvaret for nettsidene til NHH i tillegg til papir- og nettpublikasjonar høyrer òg til ansvarsområda til avdelinga.

Til å utvikle og leie denne avdelinga søkjer NHH ein kommunikasjonssjef.

NHH har delt leiing: Rektor er styreleiar og den øvste faglege leiaren, og administrerande direktør er den øvste ansvarlege for den samla administrative verksemda. Kommunikasjonssjefen vil vere ein viktig samarbeidspartnar og støttespelar for den faglege og administrative leiinga.

Den som blir tilsett, vil samarbeide tett med alle institutta og avdelingane ved NHH. Kommunikasjonssjefen rapporterer til administrerande direktør og går inn i den administrative leiargruppa til høgskulen.

Nokre sentrale ansvarsområde for kommunikasjonssjefen:

- Intern og ekstern kommunikasjon ved NHH

- Forskingsformidling nasjonalt og internasjonalt

- Omdømmet til NHH

- Medierådgiving

- Utvikling av kommunikasjonskanalane til NHH, inkludert NHH.no

- Den grafiske profilen til NHH

- Kommunikasjonsansvar i beredskapsarbeidet til NHH

- NHH Alumni

- Fagleg og administrativ leiing av kommunikasjonsavdelinga, inkludert personalansvar for dei
tilsette i avdelinga

Verksemda og organiseringa til NHH er i endring og utvikling. Den som blir tilsett, får gjennom funksjonen sin aktivt bidra i utviklingsarbeidet. Aktuelle kandidatar bør ha leiarerfaring og gjennom denne kunne vise til gode resultat innanfor ansvarsområda til stillinga. Det blir lagt vekt på leiareigenskapar som

- evne til å arbeide strategisk, vere analytisk og løysings- og resultatorientert og kunne gjennomføre det ein begynner på

- evne til å inspirere, motivere og utvikle medarbeidarane sine

- evne til å byggje relasjonar og samarbeide på tvers i organisasjonen og mot samarbeidspartnarar internt og eksternt

Det er eit ønske at kandidaten har høg kommunikasjonsfagleg kompetanse, gode kommunikasjonsevner, fokus på resultat, administrativ kompetanse og erfaring og evne til å byggje eit sterkt kommunikasjonsfagleg miljø.

Søkjarar må ha utdanning minst på masternivå. God munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk er ein føresetnad.

Stillinga er plassert i kode 1057 informasjonssjef og blir lønna etter statens regulativ i lønnstrinn 68-75. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent som innskot i Statens pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn. Personar med minoritetsbakgrunn blir oppfordra til å søkje på stillinga.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om å vere unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om det på førehand.

Nærmare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte administrerande direktør Ole Hope, tlf. 55 95 92 32, eller HR-sjef Christina Therese Brunner, tlf. 55 95 97 50 / 951 76 288.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 6. januar 2013.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive