Opnar forskingssenter innan Private Equity

Argentum Centre for Private Equity

Onsdag 1. februar opnar NHH og Institutt for foretaksøkonomi Nordens første forskingssenter på feltet Private Equity. Senteret får namnet Argentum Centre for Private Equity. In English

26.01.2012 - Hallvard Lyssand


Argentum Centre for Private Equity si grunnleggjande målsetjing er klart formulert: Å produsera objektiv og uavhengig forsking av høg kvalitet om alle emne knytt til feltet Private Equity (aktiv eigarkapital, heretter forkorta til PE).

Senteret vert til etter eit felles initiativ frå NHH-forskarar og praktikarar i kapitalforvaltningsselskapet Argentum, som er spesialistar innan PE.

- Vi har samarbeidd med Argentum ei god stund. Det var selskapet sin leiar, Joachim Høegh-Krohn som tok opp spørsmålet om å etablera eit slikt senter, og vi har utvikla ideen vidare, seier førsteamanuensis Carsten Bienz ved Institutt for foretaksøkonomi.

- Professor Karin S. Thorburn, Assistant professor Tyler Hull og eg forskar på Private Equity. I tillegg er det minst seks andre ved NHH som arbeider med tilgrensande tema innan Corporate Finance. At vi er ei såpass stor gruppe sikrar at vi har kritisk masse i høve å etablera eit senter, forklarar Bienz.

Leiande på PE-data

Førsteamanuensis Carsten Bienz (Foto: Hallvard Lyssand)
Førsteamanuensis Carsten Bienz.

Ein av ambisjonane er at senteret skal bli leiande når det gjeld data om PE-aktivitet i Norden og å vera sentral i PE-relaterte diskusjonar i Skandinavia.

Ei av hovudoppgåvene vert å byggja ein omfattande database om PE i Noreg og dei andre nordiske landa ved å kombinera eksisterande databasar.

Andre mål er å auka talet på publikasjonar om ulike tema knytt til PE og å bidra til å styrka ålmenta sin kunnskap om feltet.

Bienz påpeikar også at senteret passar godt saman med instituttets ambisjonar om å styrka arbeidet innan Corporate Finance.

Finansiert av PE-selskap

Ei rekkje store norske PE-aktørar bidreg med til saman 7,5 mill. kroner i finansiering av senteret spreidd over fem år.

I tillegg til Argentum bidreg BA-HR, Energy Ventures, Hitec Vision, Northzone, Norvestor og PWC.

Bienz understrekar at industrien utelukkande bidreg med finansiering, og at dei ikkje vil ha noko med forskinga å gjera.

- Vi må naturlegvis ha full akademisk fridom. For å sikra dette vil det verta etablert ei akademisk gruppe som vert sett saman av verdsleiande PE-forskarar. Professorane Yael Hochberg frå Kellogg School of Management, Ulrich Hege frå HEC Paris and Morten Sørensen frå Columbia Business School skal gå gjennom søknader og velja kva prosjekt som skal få støtte på eit reint vitskapeleg grunnlag, forklarar han.

Skandinavias første

Argentum-senteret vert det første Skandinavias første og eit av få i Europa som fokuserer på Private Equity.

- I høve til USA er PE ganske nytt i Europa, og det er forska relativt lite på feltet, seier Bienz.

- Men den denne typen investeringar blir stadig viktigare og har stadig større innverknad på samfunnet. Dette fører i sin tur med seg ei rekkje spørsmål som vi trur vår forsking kan bidra til å svara på, legg han til.

Data-fordel

Ei stor utfordring i PE-forskinga på verdsbasis er mangel på data. Ei av årsakene er at PE-selskapa held korta tett til brystet.

- Men i Noreg er det enklare å få tilgang til data enn i mange andre land. Til dømes krev lova at selskap gjer rekneskapa sine tilgjengelege. Det er også ei rekke unike datakjelder som er offentleg tilgjengelege, og det er ein føremon for vår forsking, konstaterer Bienz.

Han peikar vidare på at PE-industrien sjølv i aukande grad har blitt klar over at det er behov for objektiv forsking på feltet, og dette har gjort dei meir viljuge til å gje forskarar tilgang til data som elles ville vore utilgjengelege.

- Det faktum at forretningsverda har tillit til NHH gjer dessutan vår jobb enklare, legg han til.

- Men i kva grad vil forsking basert på norske data vera relevante for andre land?

- Det veit vi ikkje enno. Men sjølv om alle land har sine særeigne trekk, er Private Equity relativt homogent frå land til land, og eg trur norske funn kan syna seg å vera relevante andre stader. Og i Noreg vil forskinga uansett vera verdifull i og med at dette er eit område i vekst, konkluderer Bienz.


Kvit2
Private Equity

Kort fortalt er Private Equity langsiktige investeringar i private firma, og fungerer såleis som ei alternativ kjelde til kapital for slike firma.

Investorane frå aksjar, noko som gjev dei røysterett i bedriftsforsamlinga. Ofte får dei også styreplass.

I staden for renter på eit banklån betalar verksemdene utbyte til investorane.

Private Equity-firma investerer normalt risikokapital (Venture Capital) i nystarta verksemder, eller gjer lånefinansierte oppkjøp (Leveraged Buyout- LBO) av modne/veletablerte verksemder. Investeringar i "midt i livet-firma" skjer sjeldnare.

Firma som Apple, Google og Facebook har alle motteke risikokapital i oppstartfasen.

Eit berømt døme på ein LBO er Private Equity-verksemda Kohlberg Kravis Roberts & Co si overtaking av RJR Nabisco seint på 1980-talet.


Argentum Centre for Private Equity

Eit senterstyre med representantar frå akademia og PE-bransjen skal ha overoppsynet med finansar og retning for sentereet.

Senterstyret utnemner eit akademisk styre med representantar frå leiande institusjonar i Europa og USA.

Ein forskar frå NHH skal leia den daglege drifta av senteret.

Tilknytte NHH-forskarar
Carsten Bienz
Karin S. Thorburn
Tyler Hull
Liam Brunt
Michael Kisser

Tore Leite
Aksel Mjøs
Jarle Møen
Tiago Pinheiro
Francisco Santos
Guttorm Schjelderup



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive