The Choice Lab - eksperimentell økonomi på nett

thechoicelab.no

The Choice Lab skal knyta NHH-forskarar som arbeider med eksperimentell økonomi tettare saman og styrka miljøets posisjon ute og heime. Blant verktøya er tre nyetablerte nettkanalar. In English

23.01.2012 - Hallvard Lyssand


I dag tidleg kunne professor Bertil Tungodden ved Institutt for samfunnsøkonomi presentera ei ny heimeside, ei facebook-side og ei twitter-side under paraplyen The Choice Lab.

The Choice Lab er ei formalisering og tettare samanknyting av NHH-miljøa som arbeider innan eksperimentell økonomi.

- Målet med etableringa er å samla og synleggjera alle ved instituttet som bruker eksperimentell metode anten i laboratoriet eller i felt, seier Tungodden til Paraplyen.

Kjernegruppe

Forskargruppa har ei kjerne som består av Tungodden og instituttkollegaene Alexander W. Cappelen, Kjetil Bjorvatn, Ingvild Almås og Erik Ø. Sørensen.

Dei har med seg ei gruppe postdoktorar, doktorgrads- og masterstudentar.

I tillegg til samarbeid med andre NHH-forskarar har The Choice Lab samarbeidspartnarar ved ei rekke andre institusjonar, frå universiteta i Bergen, Oslo og København via Wien og Zurich til Harvard, Princeton, Yale, Berkeley og mange fleire.

Fellesnemnaren for dei involverte er at dei ønskjer å læra meir om korleis folk tek økonomiske og moralske val. Eit av måla er at innsiktene frå forskinga skal hjelpa styresmakter, selskap og organisasjonar til å styrka sine avgjerdsgrunnlag.

Ved sidan av eksperiment, består aktivitetane til The Choice Lab m.a. av faste seminar og konferansar både ved NHH og andre stader.

Så seint som i desember arrangerte The Choice Lab ein konferanse ved University of California, Berkeley i samarbeid med fagmiljø derfrå.

Les meir om Symposium on Economic Experiments in Developing Countries (SEEDEC)

Ytre og indre motivasjon

Etableringa av dei ulike nettkanalane har ifølgje Tungodden både ein ytre og ein indre motivasjon.

- Vi ønskjer som nemnt å synleggjera gruppa både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt, og å bli eit tydeleg og viktig miljø innan denne typen forsking. Heimesida og Twitter vert hovudkanalane i retning andre forskingsmiljø både ute og heime, pressa og omverda elles, seier han.

- Den indre motivasjonen er å bygga gruppekjensle. Då må vi sikra god informasjonsflyt og få alle til å føla at dei faktisk er del av gruppa. Her kjem facebook-sida inn i biletet. Det er her "dagleglivet" til The Choice Lab vil utspela seg, sluttar Tungodden.

Les meir om The Choice Lab:

Heimeside: thechoicelab.no

Facebook: http://www.facebook.com/pages/The-Choice-Lab/355203597829820?sk=wall

Twitter: https://twitter.com/#!/TheChoiceLab


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive