Fullfører arbeid med informasjonssikkerheit

Lås

I perioden frå mars til mai 2012 skal NHH fullføra arbeidet med å etablera eit system for informasjonssikkerheit.

19.03.2012 - Red.


I desember 2010 starta NHH arbeidet med å kartleggja kva informasjon som vert samla inn og handsama ved høgskulen.

Dette arbeidet skal fullførast våren 2012 i samarbeid med KPMG. I praksis er det tale om å intervjua personell som har nøkkelrollar i høve til handsaming av ulike typar informasjon.

Etter kartlegginga skal det gjennomførast ei risikovurdering for å fastslå om informasjonen er tilstrekkeleg sikra.

Risikovurderinga skal igjen munna ut i retningsliner og rutinar som skal syta for at NHH opprettheld informasjonssikkerheita på eit forsvarleg nivå.

Les meir om arbeidet på informasjonssikkerheit på Innsiden


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive