Jaktar på nye deltakarar til Forsker grand prix

Forsker grand prix

Forskningsdagene i Bergen er på jakt etter stipendiatar som vil delta i formidlingskonkurransen Forsker grand prix i september.

27.03.2012 - Hallvard Lyssand


Forskningsdagene 2012 går i år av stabelen frå 19. til 30 september, og blant programpostane er ein ny runde Forsker grand prix - eit dansk konsept som Forskningsdagene i Bergen introduserte i Noreg i 2010.

Forsker grand prix går kort og godt ut på at ti stipendiatar får fire minuttar kvar til å presentera forskinga si for publikum og eit dommarpanel. Den beste formidlaren vinn og går vidare til den nasjonale finalen.

Alle deltakarane får individuell oppfølging og hjelp til å førebu presentasjonane sine og utvikla seg som formidlarar.

Bergensfinalen finn stad i Peer Gynt-salen i Grieghallen 21. september, medan den nasjonale finalen vert arrangert i Tromsø 29. september.

Påmeldingsfrist er 20. mai.

Påmeldingsskjema finst på Forskningsdagene sine nettsider

Les meir om Forsker grand prix hos Foskningsdagene i Bergen

Les meir om Alexander Sandvik, som var NHH sin deltakar i 2010

Les meir om Mario Guajardo, NHH sin deltakar i 2011


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive