Innfører ny administrativ struktur

Organisasjonskart (Illustrasjon)

Frå i dag, måndag 19. november er det NHH sin nye administrative struktur som gjeld. - Eg er glad vi har nådd denne milepælen. Vi har vært gjennom ein krevjande prosess, seier administrerande direktør Ole Hope.

19.11.2012 - Red.


Arbeidet med å omorganisera sentraladministrasjonen ved NHH har føregått i om lag eitt år.

Målet er å tilpassa organisasjonen med sikte på å nå høgskulen sine strategiske mål på kjerneområda. Det inneber mellom anna å samla personar som arbeider med dei same felta tettare reint organisatorisk enn det som har vore tilfellet tidlegare.

Resultatet av restruktureringa er ein reduksjon frå ni til seks avdelingar (avdelingsleiar i parentes):

• Studieadministrativ avdeling (Jorun Gunnerud)
• Forskingsadministrativ avdeling, (Stilling utlyst)
• Avdeling for styring, økonomi og drift (Klas Rønning)
• Avdeling for eksternt retta verksemd (Stilling utlyst)
• Kommunikasjonsavdelinga (Kristin Risvand Mo, konstituert)
• HR-avdelinga (Christina Therese Brünner)

Sjå nettsidene til avdelingane på nhh.no for meir informasjon

Nye seksjonar

Med unntak av Kommunikasjonsavdelinga er alle avdelingane delt inn i seksjonar etter arbeidsoppgåver.

NHH si største administrative avdeling, Avdeling for styring, økonomi og drift, har til dømes seksjonane Økonomi, Verksemdsstyring, Eigedomsforvalting og IT.

Mange av seksjonane får eigne seksjonsleiarar med personalansvar. Stillingskabalen er likevel ikkje lagt heilt ferdig enno.

- Mange av stillingane som er omfatta av omorganiseringa har vore lyst ut internt, og tilsettingsprosessane vil bli sluttførte i nær fremtid. Stillinger uten søkjarar vil bli lyst ut eksternt. Det vil derfor framleis gå nokre dagar før heile organisasjonskartet er klart, seier administrerande direktør Ole Hope.

- Vi må også ta høgde for at det kan bli naudsynt med nokre justeringar etter kvart som vi samlar erfaring med den nye organiseringa. Første steg er å sikra at samarbeidet mellom dei nye avdelingane og mellom sentraladministrasjonen og institutta fungerer godt, legg han til.

Administrerande direktør og Assisterande direktør utgjer framleis den øvste delen av det administrative hierarkiet. Dei får støtte frå eit leiingssekretariat.

I tillegg er det oppretta ei stilling som direktør for internasjonale relasjonar med ein støttestab på to personar. Desse skal arbeide med overordna oppgåver knytt til NHH sin internasjonaliseringsstrategi.

Paraplyen kjem med oppdatert informasjon om alle seksjonar og tilsette så snart dette er klart.

Avdelingar og seksjonar:

(seksjonsleiarar i parentes der det er føreteke tilsettingar per 19. november)

Avdeling for styring, økonomi og drift
Seksjon for eigedomsforvalting (Erik Lundberg)
IT-seksjonen (Thor-Inge Næsset)
Økonomiseksjonen
Seksjon for verksemdsstyring

HR-avdelinga
Seksjon for personaladministrasjon og organisasjonsutvikling (Christina Brünner)
Arkivseksjonen (Signe Morvik)

Studieadministrativ avdeling
Marknadsføringsseksjonen (Eivind Drange)
Seksjon for informasjon og service (Inger Marie Milde)
Seksjon for timeplanlegging og eksamen (Kjersti Berg Danilova)
Seksjon for utgreiing og kvalitetssikring (Kjetil Sudmann Larssen)
Seksjon for utveksling og internasjonalisering
Opptaksseksjonen

Forskingsadministrativ avdeling
Biblioteket (Sissel Hafstad)
Seksjon for forskingsadministrasjon
Seksjon for forskarutdanning

Avdeling for eksternt finansiert verksemd
Næringslivskontakt (Asle Haukaas)
NHH Executive (Kjetil Sudmann Larssen, mellombels)

Kommunikasjonsavdelinga


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive