Feira 20 år med CEMS
I år er det 20 år sidan NHH vart medlem av CEMS. Det vart feira laurdag 29. september. In English
03.10.2012 - Tekst: Stella Gjerstad Foto: Norunn Økland/Stella Gjerstad
Alumni, noverande studentar og vener av CEMS var inviterte til eit halvdagsseminar etterfølgd av middag i personalkantina om kvelden.
Om lag 50 deltakarar var samla og fekk presentert eit variert program. Dei fekk mellom anna høve til å oppdatera seg på siste utvikling ved NHH og i CEMS, men òg rikeleg høve til å sosialisera og driva nettverksbygging.
Alumni Marco Proto (2011, til venstre), CEMS-student Gudrun Thorsheim og alumni Marius Styczen (2011) var blantdeltakarane då NHH sine første 20 år som CEMS-medlem vart feira.
Påverknad begge vegar
Arrangementet vart opna av rektor Jan I. Haaland. Han presenterte bakgrunn og oversikt over CEMS-historia ved høgskulen.
Haaland gav også deltakarane ei oppdatering om NHH sin internasjonale rolle. Han viste korleis CEMS har påverka internasjonaliseringa ved NHH, men også korleis NHH har bidrege til å forma CEMS.
I løpet av dei siste åra har NHH-rektoren vore medlem av både CEMS' Strategic Board og Executive Board. I tillegg har to studentar frå NHH hatt vervet som president i CEMS Student Board.
Sosialt samarbeid
I 2010 byrja CEMS å samarbeida med såkalla sosiale partnarar i tillegg til næringslivspartnarar. UNICEF Noreg var derfor invitert til jubileumsarrangementet ved NHH, og Elisabeth Rytterager fortalde om UNICEFs samarbeid med ulike selskap, og kva utfordringar og mogelegheiter slikt samarbeid gjev.
Maria Stierna frå NHH Aid gav eit nyttig praktisk døme på den typen prosjekt som UNICEF driv, ut frå eit besøk ved eit skuleprosjekt i Malawi.
Etter presentasjonane organiserte Lise Jokstad frå CEMS Student Board ved NHH gruppearbeid der deltakarane arbeidde med spørsmål om korleis CEMS og dei sosiale partnerane kan ha gjensidig nytte av å samarbeida.
NHH CEMS Student Board-medlem Lise Jokstad Hafskjold (t.v.) og Elisabeth Rytterager frå UNICEF.
Presenterte SAMP
Alumni Marco Proto (2011) og Finn Harung (2012) avslutta seminaret med ein presentasjon av den nylanserte CEMS-opplegget SAMP (Student Alumni Mentorship Programme).
Målet med programmet er å kopla saman CEMS-stundetar og alumni, slik at dei førstnemnte kan få profesjonelle råd, medan dei sistnemnte får sjansen til å oppretthalda kunnskapane om dei ulike medlemsskulane og sjølve CEMS Master's in International Management-graden etter kvart som desse utviklar seg.
Programmet er i gang i land som Tsjekkia, Frankrike og Nederland, og CEMS sin alumni-organisasjon arbeider med å utvikla eit konsept som kan fungera for NHH sine CEMS-studentar og alumni.
Alumni Marco Proto og Finn Harung presenterte SAMP.
Nøgd med feiringa
Anna Abramova frå NHH CEMS Club hadde ansvaret for logistikken under jubileumsfeiringa.
- Eg er nøgd med arrangementet og har inntrykk av at deltakarane hadde det hyggeleg. Eg håpar erfaringane frå i år kan danna basis for fleire CEMS-alumnimøter ved NHH i framtida, seier ho.
|