Pris til PhD-student

Mario Guajardo (Foto: NHH)

Doktorgradsstudent Mario Guajardo ved Institutt for foretaksøkonomi vann nyleg The Elmaghraby Best Student Paper under ILS-konferansen i Canada.

10.09.2012 - Hallvard Lyssand


The 4th International Conference on Information Systems, Logistics and Supply Chain fann stad ved Université Laval i Quebec frå 26. til 29. august.

NHH-aren Mario Guajardo var ein av 30 som sende inn bidrag til konkurransen Professor Salah E. Elmaghraby's Best Student Paper Award.

Ein internasjonal jury plukka ut åtte deltakarar som fekk presentera sine artiklar på konferansen. Til slutt vart altså Guajardo sin artikkel, Inventory Management of Spare Parts in an Energy Company, kåra til den beste.

Juryen kalla arbeidet forskingsmessig svært interessant, praktisk orientert og godt gjennomført.

Artikkelen tek for seg utfordringar knytt til lagerstyring av reservedelar hjå store olje- og gassprodusentar, og er ein del av eit samarbeid med Statoil via SNF.

Medforfattarar er NHH-professor Mikael Rönnqvist og Ann Mari Halvorsen og Svein Inge Kallevik frå Statoil.

Les eit samandrag av artikkelen hos IDEAS

Les meir om ILS-konferansen 2012

Mario Guajardo og Cecilia Temponi (Foto: Privat)
Mario Guajardo fekk overrekt prisen av jurymedlem Cecilia Temponi.

Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive