Nye Paraplyen-skribentar

NHH-studentane Shreya Nagothu og Tobias Wichstrøm Munter skal dela på jobben med å skriva saker for Paraplyen.

03.04.2013 - Hallvard Lyssand


I samband med at webredaktør Lisbeth Heilund er i permisjon har Kommunikasjonsavdelinga mellombels omorganisert og fått inn nokre vikarar.

Shreya Nagothu og Tobias Wichstrøm Munter er begge tredjeårs bachelorstudentar ved NHH. Dei skal dela på jobben med å driva Paraplyen.

21 år gamle Nagothu er frå Ås. Ho har skriveerfaring frå K7 Bulletin og NHH-symposiet.

20 år gamle Munter er frå Oslo. Han var informasjonsansvarleg i det førre kjernestyret.

På spørsmål om kvifor dei vil bruka tida si på å jobba for internavisa og Kommunikasjonsavdelinga, konstaterer dei at det verkar som ein spennande og utfordrande jobb med høve til å læra meir både om informasjonsarbeid generelt og høgskulen spesielt.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive