Ny forskar på Samfunn

Linda Nøstbakken (Foto: Hallvard Lyssand)

Linda Nøstbakken er tilsett som førsteamanuensis på Institutt for samfunnsøkonomi frå 1. juli.

19.08.2013 - Øyvind Torvund


Nøstbakken er 35 år og kjem frå Håvik på Bømlo.

Ho er godt kjend på bygget allereie. I 1997 starta ho på siviløkonom-studiet, for deretter å fortsette på høgare avdelings studium i 2001. Nøstbakken tok også doktorgraden her på NHH. Temaet for avhandlinga var fiskeriøkonomi.

Sidan 2008 har ho jobba som assistant professor ved Alberta School of Business i Canada. Her jobba ho mellom anna med fiskeri-, energi- og klimaspørsmål. No er ho glad for å vere tilbake på NHH.

- Du får eit spesielt forhold til NHH når du både har vore student og teke doktorgraden her. Det blir som å komme heim. Sjølv om eg hadde det veldig fint i Canada, så sakna eg den norske naturen og spesielt sjøen. I tillegg er også familien nærmare no, seier Nøstbakken.

Ho er spesielt interessert i miljø- og ressursøkonomi.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive