NHH sin nye jurist

Elise Kongsvik (Foto: Hallvard Lyssand)

Elise Kongsvik har byrja i stillinga som jurist ved HR-avdelinga.

18.02.2013 - Hallvard Lyssand


44 år gamle Elise Kongsvik er frå Bergen og var ferdig utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 1997.

Ho har brei erfaring frå det offentlege etter to år i NAV, åtte år i Tollvesenet to år som dommarfullmektig og to år hos Kemneren i Bergen.

- Eg har i hovudsak arbeidd i typiske kontrolletatar, og ønskte å prøva ei anna retning. Her får eg blant anna arbeida med arbeidsrettsspørsmål og organisasjonsrelaterte oppgåver, og det gler eg meg til, seier Kongsvik.

- Stillinga er på sett og vis todelt. Ein halvpart er knytt til HR-avdelinga og handlar primært om juridisk rådgjeving. Den andre halvparten er ein støttefunksjon for leiinga, institutta og avdelingane. Vidare har eg oppgåve knytt til klagenemnda for studentar og fondssaker, legg ho til.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive