Nye parkeringsutfordringar

NHHs parkeringsplass (arkivfoto)

Samlinga av NHH-miljøet på ei adresse kan koma til å medføra parkeringsutfordringar når haustsemesteret byrjar.

05.07.2013 - Hallvard Lyssand


Utflyttinga frå Merinobygget tydde bortfall av ei rekkje parkeringsplassar for NHH-tilsette.

Kapasiteten på NHH sin parkeringsplass er blitt betre etter at Obas sine anleggsbrakker vart fjerna, og det skal skytast bort litt fjell i dette området for å få endå nokre plassar.

Men det totale talet på p-plassar er likevel redusert til om lag 220, og etter at nybygget kom i drift har det vore dagar der parkeringsplassen har blitt overfylt alt tidleg på formiddagen.

- Vis omsyn

- Vi arbeider med å få maksimalt ut av den plassen vi faktisk har. Men vi må vera budde på at det kan bli parkeringsutfordringar i periodar, og derfor vert det arbeidd med eit beredskapsopplegg for situasjonar der kapasiteten på parkeringsplassen er sprengt, seier rektor Jan I. Haaland.

Han bed NHH-tilsette om å visa omsyn, til dømes ved at dei som bur i nærleiken let bilen stå heime og at dei som brukar plassen parkerer slik at heile plassen kan nyttast fullt ut.

Først til mølla

Gjeldande parkeringsreglement seier at tilsette må ha gyldig parkeringsbevis synleg i bilen. Studentar må søka om parkeringsløyve og få utdelt parkeringsoblat for å få tilgang til den bomregulerte parkeringsplassen. Gjester må venda seg til resepsjonen for å få koma inn på parkeringa.

Nokre få plassar er reservert plassar for m.a. rektor, direktør, rørslehemma og elbilar. Men utover dette gjeld «først til mølla-prinsippet».

- Dersom det syner seg at vi får store og vedvarande kapasitetsproblem må vi vurdera ytterlegare regulering, seier seksjonsleiar Erik Lundberg i Seksjon for eigedomsforvalting.

Lundberg opplyser vidare at parkeringsplassen vil bli merka på nytt i løpet av sommaren. Dagens plassar er smalare enn det som er standarden, og dei vil derfor bli noko utvida. Først når dette arbeidet er gjort vil ein veta nøyaktig kor mange plassar ein har til rådvelde.

Reguleringskrav til sykkelplassar

Medan det minkar på plassar til bilar er sykkelparkeringskapasiteten monaleg utvida.

Heile skogar av tomme sykkelstativ har fått både studentar og tilsette til å reagera med undring, men prioriteringa botnar i krav i reguleringsplanen for området.

Planen krev at det er sett av plass til 900 sykkelplassar, at 500 av desse er opparbeidde, at minimum 15 prosent av plassane skal vera under tak og minimum ti prosent skal vera i låsbare boksar.

Situasjonsplan, NHH (Ill.: Link arkitektur)
Situasjonsplan over NHH-campus inkludert ein litt utvida parkeringsplass like nord for Lehmkuhlhallen. Dei raude felta er sykkelparkeringsplassar. (Ill.: Link Arkitektur)

Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive