Kjell Grønhaug æresdoktor ved Handelshögskolan i Stockholm

Kjell Grønhaug (Arkivfoto)

Professor emeritus Kjell Grønhaug frå Institutt for strategi og leiing er utnemnt til æresdoktor ved Handelshögskolan i Stockholm.

14.03.2013 - Hallvard Lyssand


Kjell Grønhaug fekk den offisielle utnemninga til doctor honoris causa ved Handelshögskolan under ei tilstelling i Stadshuset i Stockholm laurdag 9. mars.

SOL-professoren får heideren grunna hans banebrytande forsking på ei rekkje felt innan marketing, frå forretningsstrategi til produktinnovasjon og forbrukaråtferd, samt sentrale metodebidrag.

Hans høgst omfattande CV inkluderer mellom anna ei lang liste av artiklar i leiande tidsskrift, forfattarskap til fleire lærebøker, ei mengd redaktør- og styreverv og ei rekke gjesteopphald ved utdanningsinstitusjonar

Grønhaug har hatt tett kontakt med Handelshögskolan gjennom heile karrieren, mellom anna som bidragsytar til doktorgradsprogrammet ved HHS og som sakkunnig i samband med tilsetjingar.

- Sjølve utnemninga kom som ei stor overrasking. Riktig nok har eg hatt mykje kontakt med HHS i mange tiår, men eg hadde aldri noko slikt i tankane, seier Grønhaug til Paraplyen.

- HHS er ein framståande institusjon med gode fagmiljø og mange framifrå fagpersonar som eg har hatt gleda av å ha kontakt med. Eg kjenner meg beæra og audmjuk og er samstundes glad for å bli sett pris.

Les pressemeldinga på HHS sine nettsider

Grønhaug vart æresdoktor ved Turku School of Economics i 2000 og ved Handelshögskolan ved Göteborgs universitet i 2010.

Forskarveteranen vart siviløkonom i 1960 og professor i 1980.

I 2001 fekk han NHH sin heiderspris for framragande forsking. Her framheva ein særleg hans forskingsmessige breidde innanfor strategi, marknadsføring og samfunnsvitskapelege metodar, og hans betyding for oppbygginga av doktorgradsprogrammet innanfor sitt fagfelt.

Kjell Grønhaug (Arkivfoto: Hallvard Lyssand)
Professor emeritus Kjell Grønhaug er blitt utnemnt til æresdoktor ved Handelshögskolan i Stockholm. Biletet er frå eit doktorgradskollokvium i samband med Fibe-konferansen i 2010.

Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive