Konferanse om strøymetenester

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og fungerande adm.direktør i TV2, Øivind Johannessen er blant innleiarane på ein konferanse om nettnøytralitet og strøymetenester på NHH 21. november.

13.11.2013 - Øyvind Torvund


Bakgrunnen for årets konferanse er framveksten av strøymetenester som Netflix, som kan få store konsekvensar for aktørane i tele- og mediebransjen.

- Vi står overfor ein TV-revolusjon. Folk brukar stadig meir tid på ulike nett-TV-løysningar. Denne utviklinga vil mellom anna stille krav til betre internett, men aktørane er ikkje einige om kven som skal betale for dette, seier professor Hans Jarle Kind, som er ansvarleg for konferansen.

Strid om finansiering

I første del av konferansen blir det difor fokusert på korleis dette kan og bør bli finansiert.

- På den eine sida har vi Telenor som meiner leverandørane av strøymetenester må vere med å betale for å sikre stor nok nettkapasitet. Post- og teletilsynet har derimot stått klart på prinsippet om nettnøytralitet. Dette prinsippet legg vekt på at alle leverandørar skal ha same tilgang på nettet, og at enkeltleverandørar dermed ikkje kan kjøpe seg til betre nettkapasitet, seier Kind.

For å diskutere mulege løysingar på desse utfordringane kjem mellom andre konserndirektør Berit Svendsen i Telenor, sjef for IP-distribusjon i NRK, Bjarne Myklebust og direktør Torstein Olsen i Post- og teletilsynet.

Vel vekk vanleg TV

I andre del av konferansen blir det diskutert korleis tradisjonelle kringkastarar og distributørar merkar konkurransen frå ulike strøymetenester, og korleis dei vil svare på denne utfordringa.

- Spesielt i USA har vi sett at mange yngre folk sluttar å abonnere på tradisjonelle TV-kanalar og i staden ser det dei vil på Internett. Utfordringa for TV-kanalane er også at det er den yngre målgruppa annonsørane ynskjer å treffe, og slik sett kan dei på sikt tape store inntekter, seier Kind.

I tillegg til sjefane i både NRK og TV 2 skal Get-direktør Øyvind Husby, Telenor-sjef Berit Svendsen og NHH-professor Victor Norman innleie i denne delen.

- Både TV 2 og NRK har satsa stadig meir på sine nett-tv-tilbod, og Get er også i gang med å utvide sitt tilbod. Det blir spennande å høyre korleis dei vil jobbe vidare for å møte dei nye utfordringane, seier Kind.

For spørsmål, kontakt [email protected]

Dato: 21.november
Tid: 09.30 - 16.00
Sted: Auditorium Finn Kydland

Program for konferansen


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive