Finn Kydland vitjar NHH og Finans|Bergen
Nobelprisvinnar Finn E. Kydland held to føredrag ved NHH komande veke, eitt i regi av Finans|Bergen og eitt arrangert i samarbeid mellom Institutt for finans og Institutt for samfunnsøkonomi. In English
06.09.2013 - Red.
Finn E. Kydland er professor ved Carnegie Mellon University og University of California, Santa Barbara, og professor II ved NHH.
I 2004 fekk Kydland og Edward C. Prescott Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitenskap til minne om Alfred Nobel, gjerne kalla Nobelprisen i økonomi.
Kydland og Prescott fekk prisen for deira bidrag til dynamisk makroøkonomi. Delar av dette forskingsarbeidet vart gjort ved NHH på 1970-talet.
Kydland forskar no på korleis politikarar kan etablera og kommunisera reguleringar på ulike felt. Om dei er riktig utforma og kommunisert kan slike reguleringar bidra til at ålmenta får større tillit til dei politiske institusjonane.
Under vitjinga til NHH skal Kydland halda føredrag om to ulike tema.
Onsdag 11. september er han gjesteførelesar på eit seminar arrangert av Finans|Bergen.
Arrangementet er for medlemmer av Finans|Bergen. NHH-alumni, studentar og tilsette som ønskjer å delta må melda frå til [email protected] innan måndag 9. september klokka 12.
Tittelen er Economic Policy and Sustainable Growth.
Førelesinga finn stad i Aud. Karl Borch frå 12.15 til 13.15.
Det vert servert lunsj utanfor auditoriet frå 11.45.
Torsdag 12. september held Kydland eit fellesseminar for institutta Finans og Samfunnsøkonomi.
Tittelen er Monetary Policy, the Tax Code, and the Real Effects of Energy Shocks'.
Seminaret finn stad frå 10.45 til 12.00 i Aud. Agnar Sandmo.
|