Heiderspris til Einar Hope

Under the International Association for Energy Economics (IAEE) European Conference i Düsseldorf nyleg mottok Einar Hope heider for sine bidrag til samskipnaden. Samstundes vann PhD-student Lisa Assmann pris for ein artikkel. In English

04.09.2013 - Tobias Wichstrøm Munter


IAEE er ein samskipnad for energiøkonomar med over 4000 medlemmar i meir enn 100 land og organiserte avdelingar i 30 av desse landa, også i Norge.

Organisasjonen held fleire konferansar kvart år rundt om i verda. Under årets europeiske konferanse fekk professor emeritus Einar Hope frå Institutt for samfunnsøkonomi «the Outstanding Contributions to the IAEE Award», samskipnadens høgthengande ærespris.

I grunngjevinga for tildelinga vert det med anna peikt på Hope sitt omfattande arbeid med støtte, rettleiing og utvikling på tvers av alle IAEE-merkevarer, og dessutan engasjementa hans som organisator og leiar i fleire prosjekt.

Uventa og hyggeleg

- Det var heilt uventa og veldig hyggeleg. Å jobbe med IAEE er usedvanleg gøy, seier Hope, som har vore med i samskipnaden sidan 1980-talet.

Sidan den gong har han sete i fleire styre, organiseringskomitear og redaksjonar. Hope sat òg som President av samskipnaden i 2010, og tok initiativet til å stifte tidsskriftet Economics of Energy & Environmental Policy.

- No er eg formelt ute av styret, men eg gjev meg nok ikkje heilt enno. Eg skal vere med å organisere den internasjonale IAEE- konferansen her i Bergen ved NHH i juni 2016, det er eit stort arrangement, smiler han.

- Og kva blir vegen vidare for IAEE?

- Eg trur det er viktig å engasjere studentar og dei yngre, og at ein alltid er i takt med tida og er relevante. Vi har ein brei samskipnad og eit godt internasjonalt nettverk, og det er viktig at ein opprettheld og held fram med å bruke ressursane til IAEE har på best mogleg måte, seier Hope.

Einar Hope (t.h) med sin pris. Her med University of Cambridge professor og IAEE President David Newbery.

Vann artikkelkonkurranse

Doktorgradsstudent ved Institutt for foretaksøkonomi, Lisa Assmann, er med på ei av desse satsingane til IAEE.

Assmann sigra i «The Student Poster Session» - ein konkurranse der studentar presentere sitt siste akademiske arbeid til for konferansedeltakarane.

- Dette kom som ei overrasking. Oppgåva er litt i ein «nisje» når det kjem til konferansetemaet, så sigerern kom heilt uventa, seier Assmann, som byrja på doktorgraden sin i fjor.

Vinnaroppgåva, Missing in Action? Speed Optimization and Slow Steaming in Maritime Shipping handlar om fartsoptimalisering og klimautslipp frå lasteskip, og er i samarbeid med professorane Gunnar S. Eskeland og Jonas Andersson.

- Oppgåva er ei vidareutvikling av masteroppgåva mi, og er ein statistisk analyse av skipsfarten mellom Persiabukta og Japan. Det vi finn er at store lasteskip ikkje endrar fart, sjølv når oljeprisen og tilsvarande tonnasjekostnad gjer at det kan vere økonomisk lønnsamt, fortset Assmann.

Prosjektet går no inn mot siste fasen, og Assmann håpar at det ein dag kan bli publisert.

- Men det blir nok greitt å bli ferdig med kursarbeid òg, ler ho.

Berre 6 plakatar kom gjennom nålauget for å bli presentert på konferansen. Her står Assmann med sitt vinnardiplom med Christoph Weber (University of Duisburg Essen), hovuddommaren for konkurransen.

Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive