Ledig stilling som prosjektleiar

Til å leie arbeidet med nye nettsider for NHH søkjer vi ein erfaren prosjektleiar. Stillinga blir tilknytt Kommunikasjonsavdelinga.

21.03.2014 - Redaksjonen


NHH blei etablert i 1936 og er saman med SNF og AFF det største senteret for forsking og utdanning i økonomi og administrasjon i Noreg. NHH har som mål å være blant dei fremste handelshøgskulane i Europa.

NHH skal få nye interne og eksterne nettsider. Til å leie prosjektet søkjer vi ein erfaren og løysingsorientert person som kan kommunisere godt med studentar, fagleg og administrativt tilsette på NHH. Stillinga er toårig, med mogelegheit for forlenging.

Prosjektleiaren blir tilknytt Kommunikasjonsavdelinga. Avdelinga har eit overordna ansvar for NHH sin kommunikasjonsstrategi og det interne og eksterne kommunikasjonsarbeidet ved høgskulen. Vi er sju personar som jobbar med utvikling av digitale kanalar, forskingskommunikasjon, mediearbeid, alumni og intern kommunikasjon.

Som prosjektleiar blir du ansvarleg for den daglege drifta av nettprosjektet. Blant oppgåvene er å bidra til at målsettingane blir realiserte, koordinere arbeidet internt og eksternt, leggje til rette for god kommunikasjon, sikre framdrift og styre økonomien i prosjektet, samt rapportering og dokumentasjon. Det er etablert ei styringsgruppe for prosjektet, som prosjektleiaren er sekretær for. Det er utarbeidd mandat for dei ulike rollene i prosjektet.

Dine kvalifikasjonar:

  • Brei erfaring frå prosjektarbeid og nettprosjekt spesielt
  • Erfaring med å skape gode brukaropplevingar
  • Leiarerfaring er ønskeleg
  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Erfaring frå høgare utdanning og forsking er ein føremon


Personlege eigenskapar:

  • Trygg og kontaktskapande med gode samarbeidsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både norsk og engelsk
  • Er målretta, engasjert og ambisiøs på NHH sine vegner
  • God rolleforståing og evne til å sjå heilskapen i NHH sin kommunikasjon

Vi kan tilby:

  • Eit høgt kvalifisert fagmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Stillinga har kode 1113 - prosjektleiar, og vert løna etter statens regulativ i ltr. 60-70 (kr 499 200 - 601 600 per år). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om å vere unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om det på førehand.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte kommunikasjonssjef Kristin Beate Risvand Mo, tlf. 55 95 96 61/ 915 99 661.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 6.4.14.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive