Framtida til NHH Executive stakast ut no

- NHH har store ambisjonar for etter- og vidareutdanninga si, og moglegheitane er mange, seier den nytilsette avdelingsdirektøren, Birthe Kåfjord Lange.

03.02.2015 - Astri Kamsvåg. Foto: Hallvard Lyssand


NHH Executive er eit av satsingsområda for NHH i inneverande strategiperiode. Birthe Kåfjord Lange, den nye direktøren for etter- og vidareutdanningsverksemda ved handelshøgskulen, er no på plass. Det neste skrittet blir å utvikle ny strategi for Executive.

I arbeidet med den nye strategien skal vi - i tett samarbeid med fagmiljøa på NHH, næringsliv, det offentlege og partnarar i universitets- og høgskulesektoren - vidareutvikle profilen til Executive-verksemda. Vi gjer allereie mykje bra, og tilbakemeldingane frå kursdeltakarane våre er veldig gode, seier Lange.

Framtidsretta samfunnsnytte

Ho utdjupar: - Framover kjem vi til å konsolidere det vi er gode på, og i tillegg ønskjer vi å utvikle programtilbodet vidare i takt med det som marknaden vil ha nytte av i framtida. NHH Executive skal heile tida ligge i forkant og utvikle studieprogram som møter utviklinga i samfunnet.

Eit kjenneteikn ved mange av NHH-professorane er at dei har tett dialog med næringslivet og offentleg forvaltning. Kombinert med dei internasjonale nettverket deira, er NHH godt rusta til å forstå framtidige behov.

- I alt vi foretar oss, er det kvaliteten som er i høgsetet. Strategien vi skal utvikle, skal være ein strategi for vekst, på dei felta NHH har internasjonal spisskompetanse, legg Birthe Kåfjord Lange til.

Ho fortel at NHH Executive ønskjer å bli ein meir integrert del av handelshøgskulen og miljøet rundt høgskulen. Tett samarbeid med instituttleiarane og dei vitskapeleg tilsette er ein føresetnad for å løfte Executive ytterlegare.

- Det er viktig at NHH som institusjon har Executive langt framme i pannebrasken, og at det blir ein sjølvsagt del av høgskulen, seier Lange.

Best practice og eksterne samarbeid

I strategiarbeidet er NHH Executive open for innspel frå mange hald i forhold til kva retning dei skal gå i. - Vi kjem til å sjå kva dei andre aktørane i sektoren gjer både i Noreg og i andre land. I tillegg har vi fleire samarbeidsprosjekt på gang, mellom anna med HEC i Montreal om eit frittståande kurs som startar i haust, nasjonalt med Innovasjon Norge for norsk sjømatnæring og lokalt med Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Høgskolen i Bergen, DesignArena og Design Region Bergen om strategisk innovasjonsdesign.

Ein viktig del av kurstilbodet er dei bedriftsinterne kursa. Dette er skreddarsydd fagleg påfyll til tilsette i ein bestemt organisasjon. Eit eksempel frå offentleg sektor er leiarutviklingsprogrammet for Bergen kommune. Den såkalla 'Rektorskulen' og eit tilbod til barnehagestyrarar er også sentrale element i dagens studieprogramtilbod. Det mest etablerte tilbodet er likevel MBAen der deltakarene vel mellom å spesialisere seg i strategisk leiing (MASTRA), økonomisk styring og leiing (MØST), offentleg revisjon, eller finans (AFA).

- Når kursdeltakarane opplever at utdanninga er til nytte for dei i kvardagen deira, er vi som innhaldsprodusentar og arrangørar godt nøgde. Det er eit teikn på at det vi tilbyr, er tilpassa behova deira. Vi skal tilby noko som samfunnet har bruk for, fortel Birthe Kåfjord Lange.

Planen er at den nye strategien for Executive skal være klar til sommaren. - Eg har store forventningar til det vi skal få til! seier Lange. - Først er det strategiarbeid, og til hausten startar vi må å sette strategien ut i livet.

NHH Executive

NHH Executive er ein arena der teoretiske fagdisiplinar møter behova til næringslivet og forvaltninga. Dei som undervisar er leiande fagpersonar på NHH. I tillegg engasjerer Executive næringslivsleiarar og politikarar som foredragshaldarar for å ivareta dei ulike studieprogramma si orientering mot næringsliv og forvalting.

Executive-deltakarane kjem frå eit breitt spekter av norsk næringsliv og forvalting, og synergieffekten mellom teoretisk kunnskap og deltakarane sine praktiske røynsler skaper ein intensiv, effektiv og engasjerande læringsprosess.

I 2014 deltok rundt 1000 personar på Executive-programma til NHH. Overskotet som i 2014 var på 10,75 millionar kroner, førast tilbake til NHH si ordinære drift.

Birthe Kåfjord Lange

Birthe Kåfjord Lange har doktorgrad i leiing (2008) og høgare avdeling frå NHH og er Cand. mag. med fag frå Universitetet i Bergen/Høgskolen i Bergen. Før ho byrja i stillinga som direktør for NHH Executive, jobba ho i Statoil med leiar- og personalutvikling. Ho er 41 år og kjem frå Molde.

Les artikkel om NHH Executive i Paraplyen februar 2010.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive