Ernst Fehr held Sandmo-førelesinga

Korleis påverkar tillit langsiktig økonomisk vekst i eit samfunn? Dette er temaet for den årlege Sandmo-førelesinga på NHH torsdag 16. januar.

14.01.2014 - Red.


Det er professor Ernst Fehr frå University of Zürich som held årets førelesing. Tittelen på føredraget er: Institutions and Trust - Does Trust cause lasting Improvements in Economic Outcomes?

Fehr er ein av verdas leiande samfunnsforskarar, og har gjort banebrytande arbeid om moralen si rolle i samfunnsøkonomi. Han leiar eit av dei fremste sentra for mikroøkonomi og eksperimentell økonomi ved University of Zürich, og har fått ei rekkje utmerkingar for sitt arbeid.

Eit hovudfokus i Fehr si forsking har vore på forholdet mellom sosiale preferansar, sosiale normar og strategiske interaksjonar. Her har han bidrege til viktige innsikt om korleis samarbeid blir opprettheldt i et samfunn og kva rolle formelle kontraktar har i økonomiske transaksjonar.

NHH oppretta The Sandmo Lecture on Public Policy til ære for professor emeritus Agnar Sandmo i samband med Sandmo sin 70-årsdag i 2008. Sandmo er rekna blant Noregs fremste økonomar og har gjeve viktige forskingsbidrag på ei rekkje felt.

Kvart år i januar vert ein internasjonal toppøkonom invitert til NHH for å halde Sandmo-førelesinga.

Fakta om arrangementet:

Dag: Torsdag 16. januar

Tid: 12.15

Stad: Agnar Sandmos Auditorium på NHH.

Påmelding: Til [email protected] innan onsdag 15. januar klokka 12.

Meir informasjon:

Kommunikasjonssjef Kristin Risvand Mo, E: [email protected], T: 55 95 96 61 M: 915 99 661

Kommunikasjonsrådgjever Øyvind Torvund, E-post: [email protected], T: 55 95 96 91. Mobil: 907 76 077


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive