Gjer det framleis sterkt i fersk FT-rangering

NHH

I dag offentleggjer Financial Times si prestisjetunge hovudrangering av Europas beste handelshøgskular. Noregs Handelshøgskole (NHH) får same plassering som i 2011.

03.12.2012 - Red.


Hovudrangeringa, «European Business Schools», omfattar i år 80 europeiske handelshøgskular. NHH hamnar på ein 44. plass og får dermed same plassering som i fjor. Høgskulen har klatra 13 plassar dei siste fem åra.

‒ Det er ei positiv utvikling som vi er godt nøgde med, særlig når vi veit at konkurransen er aukande. For å klatra over tid, er det viktigaste for oss at vi heile tida jobbar med å utvikla kvaliteten på utdanninga vår. Og det gjer vi, seier NHH-rektor Jan I. Haaland.

Hovudrangeringa, «European Business Schools», byggjer på fem ulike delrangeringar: Global MBA, Executive Education open programmes, Executive Education custom programmes, Masters in management og Executive MBA. NHH har i år vore med på tre av desse fem delrangeringane.

NHH/AFFs opne program ligg på ein 17. plass i Europa på rangeringa av opne program (Executive Education open programmes) - og har aldri vore høgare på lista.

‒ Executive-utdanning er den mest konkurranseprega delen av vår verksemd. Vi konkurrerar med verdas beste handelshøgskular og klarar å hevda oss, sier Haaland.

Ei gruppe med tolv handelshøgskuler toppar årets hovudliste. Spanske IE Business School tronar i år heilt øvst, følgd av HEC Paris på andreplass. London Business School er nummer tre.

NHH kjem i neste kategori saman med nordiske kollegaer som Stockholm School of Economics (20. plass), Aalto University School of Economics (21. plass) og Copenhagen Business School (39. plass).

‒ Financial Times-rangeringane er viktige fordi dei bidreg til å synleggjera oss internasjonalt. NHH er eit internasjonalt utdannings- og forskingsmiljø som rekrutterer kandidatar frå heile verda. Rangeringa gjev oss verdifull merksemd i ein krevjande marknad, seier Haaland

Sjå heile rangeringa her.

Kontaktinformasjon:
Rektor Jan I. Haaland, tlf. 55 95 92 17/957 96 865
Konstituert kommunikasjonssjef Kristin Risvand Mo, tlf. 55 95 96 61/915 99 661


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive