NHH utnemner ti æresdoktorar

NHH utnemner ti nye æresdoktorar i samband med 75-årsmarkeringa si. Nobelprisvinnar Finn E. Kydland blir ein av dei nye æresdoktorane. Hans Majestet Kong Harald V vil vere tilstades under seremonien på NHH 7. september.

In English

28.08.2011 - red.


Finn E. Kydland er utdanna siviløkonom frå NHH i 1968. På 60- og 70-talet var han tilsett som forskingsassistent og deretter som førsteamanuensis. Sidan 1993 har han vore tilsett som professor II ved NHH. Kydland fekk Nobelprisen i økonomi i 2004.

Professorane Jean-Paul Larçon og B. Espen Eckbo er òg blant dei ti nye æresdoktorane. Larçon er tidlegare rektor ved HEC Paris som er den høgast rangerte handelshøgskolen i Europa. Professoren har bidrege vesentleg til oppbygginga av nye handelshøgskolar i Aust-Europa i samarbeid med NHH etter at jarnteppet kollapsa. Eckbo er norsk professor i finans ved Tuck School of Business i USA, og har over mange år bidrege til forsking og utdanning ved NHH.

Saman med sju andre internasjonalt høgt respekterte professorar vil dei bli kreert som æresdoktor i ein jubileumsseremoni i aulaen på NHH onsdag 7. september 2011.

Æresdoktorgraden doctor honoris causa blir gitt til personar som har gjort seg særleg bemerka på fagfelt som er sentrale for NHH.

- Æresdoktorane har alle utmerka seg internasjonalt med omfattande vitskaplege bidrag av svært høg kvalitet. Alle har dei bidrege til den faglege utviklinga ved NHH og til å styrke dei internasjonale relasjonane til fagmiljø på høgskolen, seier rektor Jan I. Haaland ved NHH.

Det er berre ved jubileum at NHH utnemner æresdoktorar. Med denne utnemninga får NHH totalt 19 æresdoktorar. Dei seks første æresdoktorane vart utnemnd ved 50-årsjubileet i 1986, dei tre andre ved 60-årsjubileet i 1996.


Dei ti nye æresdoktorane er:

Professor Richard P. Bagozzi , University of Michigan.
Fagområde: Marknadsføring, samfunnsvitskapleg metode og psykologi

Professor Richard Blundell, University College London.
Fagområde: Arbeidsmarknads- og utdanningsøkonomi, skatt, forbrukaråtferd og økonometri.

Professor B. Espen Eckbo, Tuck School of Business, Dartmouth College.
Fagområde: Føretaksfinansiering og kapitalmarknader

Professor William W. Hogan, John F. Kennedy School of Government, Harvard University.
Fagområde: Konkurranseorienterte elektrisitetsmarknader

Professor Finn E. Kydland University of California, Santa Barbara.
Fagområde: Dynamisk makroøkonomi, konjunkturteori, internasjonal økonomi, arbeidsmarknadsøkonomi og offentleg økonomi.

Professor Ann Langley, HEC Montréal.
Fagområde: Strategiske endringsprosessar

Professor Jean-Paul Larçon, HEC Paris.
Fagområde: Internasjonal føretaksstrategi

Professor William F. Messier jr, University of Nevada, Las Vegas.
Fagområde: Rekneskap og revisjon

Professor Patrick Rey, Université Toulouse I Capitole.
Fagområde: Næringsøkonomi

Professor Katherine Schipper, Duke University.
Fagområde: Empirisk forsking innan finansrekneskap

Les meir om æresdoktorane

Festmøte og kreering av æresdoktorar
Tid: Onsdag 7. september kl. 12.45
Stad: Aulaen, NHH

Æresdoktorseminar
Tid:
Torsdag 8. september kl 10.15-16.00
Stad: Aulaen og auditorium, NHH

Påmelding: Innan mandag 5. september klokken 12.00 til [email protected]

Meir informasjon:
Rektor Jan I. Haaland, e-post: [email protected]; tlf. 55 95 92 17/957 96 856
Informasjonssjef Asle Haukaas, e-post: [email protected], tlf. 55 95 92 18/920 80 877


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive