Marine Harvest til NHH Forum

Oppdrettskonsernet Marine Harvest kjem til NHH som årets partnarbedrift under NHH Forum 2. september.

01.07.2015 - Øyvind Torvund


Marine Harvest er det største oppdrettsselskapet i Noreg med over 1600 tilsette.

- Vi er godt nøgd med å kunne samarbeide med ei toneangivende bedrift innan ei spennande vekstnæring med stort internasjonalt potensial, seier viserektor Gunnar Christensen. Han leiar arbeidet med NHH Forum.

I Noreg dekkar selskapet heile verdikjeda frå fôrproduksjon til stamfisk, rogn, matfisk, foredling og distribusjon til salg. I 2014 produserte selskapet 3,8 millionar måltid med laks kvar einaste dag.

- Marine Harvest og næringa generelt er i ei rivande utvikling og står overfor mange utfordringer på alt fra strategi, finansiering og globalisering til bærekraft og ressursforvaltning - i det heile tatt problemstillingar som har stor interesse blant studentar og tilsette ved NHH, seier Christensen.

Temaet for dagen er ikkje endeleg fastsett, men Paraplyen kjem tilbake med meir etter ferien.

NHH Forum er ein årleg møteplass for fagleg dialog mellom ei utvald bedrift og fagstab og studentar ved NHH.

Dato: Onsdag 2. september

Stad: Aulaen, NHH


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive