Tettare samarbeid
NHH vert ikkje godskriven all forskinga som er gjort i samarbeid med Samfunns- og Næringslivsforsking (SNF) og misser på denne måten både statsstøtte og ære. NHH sitt styre vedtok derfor før jul fleire tiltak for å betre både økonomien og omdømmet til skulen, samt styrke samarbeidet med SNF ytterlegare.
22.01.2008 - Eva Melvær Langaas
Tiltaka var foreslått av eit utval som i lengre tid har sett på samarbeidet mellom dei to institusjonane, men inneber i følgje rektor Jan I. Haaland ingen dramatiske endringar:
- Vi har lange og gode tradisjonar for samarbeidet med SNF, og det er liten grunn til å tru at noko har endra seg. Vi har gått gjennom strukturen, og konkludert med at vi har eit godt grunnlag.
Administrerande direktør i SNF Per Heum er einig, og seier vedtaka er ei stadfesting av det gjensidige samarbeidet ein har ønska mellom NHH og SNF.
Usynleg
Bakgrunnen for utvalet sitt arbeid var at finansieringsordninga for høgare utdanning vart endra i samband med kvalitetsreforma i 2003. Støtte blir tildelt ut frå kva dei ulike institusjonane produserer, både i høve til studiepoeng og forsking. Det er sistnemnte NHH ikkje får full utteljing for, fordi skulen har valt å organisere den eksternt finansierte forskinga gjennom SNF.
Resultatet er at all forsking finansiert av Noregs Forskingsråd og EU som går gjennom SNF ikkje tel med når pengane skal delast ut. Også på Kunnskapsdepartementet si oversikt over forskingsaktivitetar finansiert av Forskingsrådet og EU kjem NHH svært dårleg ut, samanlikna med andre institusjonar. I tillegg har det samla omfanget av eksternt finansiert forsking gått ned dei siste åra.
For å korrigere desse problema skal det i framtida gjerast meir for å få synleggjort NHH-prosjekt i NHH sin rekneskap. Det er fleire tiltak som skal bidra til dette, mellom anna skal det jobbast for at både NHH og SNF skal vere kontraktspart i delte prosjekt. I EU-prosjekt som berre involverer NHH-tilsette skal NHH vere kontraktspart, og prosjekt som i hovudsak er støtte til stipendiatar og post.doc. skal lokaliserast til NHH.
Godt samarbeid
- Konsekvensane av vedtaka blir å legge til rette for å auke det samla omfanget av eksternt finansiert forsking i NHH-miljøet, og samarbeidet mellom institusjonane skal også bli tettare, seier rektor.
Både rektor og Heum er nøgde med utvalet sitt arbeid og styret sine vedtak.
- Samarbeidet med SNF har alltid vore bra, og det er viktig å få stadfesta at det gode samarbeidet skal halde fram, seier Haaland. - Det er nettopp det denne utgreiinga og styrevedtaket gjer.
- Dette er i samsvar med det ein har tenkt heile tida, og det tydeleggjer samsundes kva NHH vil med SNF, stadfestar Heum.
|