I gang med mentorordning

NHH (Illustrasjonsfoto)

NHH si mentorordning for kvinnelege førsteamanuensar og postdoktorar er i gang. Målsettingane er ambisiøse både for deltakarane i ordninga og for høgskulen.

23.06.2010 - Hallvard Lyssand


Oppretting av eit mentorprogram for kvinner i fagstaben vart vedteke i NHH-styret i desember 2008 og er ein del av høgskulen sitt arbeid med å fremja mangfald og likestilling.

Ordninga går kort fortalt ut på at adepten - ein kvinneleg førsteamanuensis eller postdoktor - vert kopla saman med ein mentor i form av ein professor.

Det grunnleggjande med tilhøvet er at dialog med mentoren skal hjelpa adepten til å utvikla potensialet sitt i høve karriereutvikling og kvalifisering.

Kort- og langsiktige mål

Professor Trine Dahl (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Trine Dahl.

- Samstundes er det ei rekkje kort- og langsiktige mål med ordninga både for deltakarane og for NHH som heilskap, forklarar professor Trine Dahl frå Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

Saman med professorkollega og viserektor Mette Bjørndal og seniorrådgjevar Ingebjørg Tyssedal frå Direktørens stab sit Dahl i mentorkomiteen, som har koordineringsansvaret for mentorordninga.

For adeptane sin del er det langsiktige målet altså å oppnå førsteamanuensis- eller professorkompetanse. Dei kortsiktige måla kan vera å verta meir forskingsaktiv, å publisera meir og å byggja nettverk nasjonalt og internasjonalt.

Mentorane på si side kan bidra til adepten si karriereutvikling og til auka forståing og kulturutvikling på tvers av institutt- og institusjons- og landegrenser, samstundes som dei får innsikt i kva det inneber å vera kvinneleg førsteamanuensis eller postdoktor.

For høgskulen sin del er dei kortsiktige måla å leggja til rette for forsking, fagleg utvikling og auka publisering blant dei kvinnelege førsteamanuensane og postdoktorane slik at ein på lengre sikt vert ein attraktiv arbeidsplass for kvinner, med jamnare kjønnsbalanse i vitskapelege stillingar og fleire kvinnelege professorar.

- Etableringa av mentorordninga kan bidra til å gjera NHH meir attraktiv ved at kvinner som vurderer å søkja seg hit ser at NHH meiner at det er viktig at dei kvalifiserer seg, seier Dahl.


Ti par

Professor og viserektor Mette Bjørndal (Arkivfoto)
Professor og viserektor Mette Bjørndal.

Etter vedtaket om å etablera ei mentorordning har komiteen sitt arbeid m.a. omfatta å finna ut kven som ville delta i ordninga.

- Gruppa av aktuelle er lita og oversiktleg, og alle har fått tilbod om å vera med. Det er nok likevel ikkje like aktuelt for alle. Somme er til dømes alt godt etablerte og aktive forskarar, og kjenner ikkje behov for å delta i ordninga, fortel Dahl.

Til no er det etablert om lag ti mentor/adept-par, og sist fredag vart det arrangert fellessamling der dei involverte kunne verta kjent med kvarandre.

Deltakarane fekk dessutan presentert erfaringar frå UiB si tilsvarande ordning og fekk ei generell innføring i omgrepet mentoring frå seniorkonsulent Elin Mortensen frå AFF.

- Det dreidde seg primært om å gje dei ulike rollene innhald, seier Dahl.

Ho påpeikar at ordninga er ny på NHH, og at det er viktig at dei som deltek får danna seg eit bilete av kva det dreier seg om, og at det er tale om ein annan relasjon enn reint fagleg rettleiing.

Meininga er at mentoren skal hjelpa adepten til å utvikla potensialet sitt og nå måla sine gjennom ein prosess prega av likeverd snarare enn ein over-/underordna-relasjon, og der adepten sine ønske og behov styrer prosessen.


Konfidensialitet

Ingebjørg Tyssedal (Arkivfoto)
Seniorrådgjevar Ingebjørg Tyssedal.

Det finst ikkje noko fasit for korleis samarbeidet skal fungera. Målet er at para skal finna ei best mogeleg samarbeidsform på eiga hand, og dei formelle føringane er få.

- Vi har ei ytre ramme med ein enkel kontrakt som m.a. fastslår kven som dannar par. I utgangspunktet varar relasjonen i to år med mogelegheit til forlenging, og dei involverte er bunde til minimum fire møte i året. Men dei kan sjølvsagt møtast oftare om dei vil, og dei kan også bryta relasjonen tidlegare om det ikkje fungerer, seier Dahl.

Ho understrekar vidare at full konfidensialitet er ein føresetnad for relasjonen.

Adeptane kan ønska seg ein spesifikk mentor, men elles prøver mentorkomiteen å finna eigna personar. Eit krav er at det ikkje skal dannast par innanfor eitt institutt.

- Vi ønskjer ei ordning som er lett å handtera og vil unngå tette faglege bindingar internt på institutt. Ved å kryssa instituttgrenser unngår vi at det oppstår tvil om rollar, t.d. i samband med seinare tilsetjingsprosessar, forklarer Dahl.

To av mentorane er professorar frå høvesvis UiB og UiO. Dei resterande er anten professor eller professor 2 ved NHH.


Meir fokus på forskarjobben

Førsteamanuensis Marita Kristiansen (Arkivfoto)
Førsteamanuensis Marita Kristiansen.

Førsteamanuensis Marita Kristiansen ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon er blant adeptane i mentorprogrammet.

- Eg vart med i ordninga for å få hjelp til å få meir fokus på jobben som forskar. Det er mykje spennande og viktig ein kan arbeida med både innanfor undervisning og administrasjon, men det har ein tendens til å ta av forskingstida, seier ho.

- Målet er å få ein meir konkret og langsiktig plan for forskinga mi. Det vil hjelpa meg å ivareta forskarjobben betre, og vil samstundes gje meir legitimitet til å seia "nei, eg skal forska," når det kjem førespurnader om å ta andre oppgåver, seier ho.

Kristiansen er blant adeptane som har fått mentor frå ein annan institusjon.

- Eg høyrer til eit fagområde som har litt andre forskingstradisjonar enn resten av NHH. Eg nemnde derfor professor Kjersti Fløttum ved Institutt for fremmedspråk ved UiB som ein mogeleg mentor, og var så heldig at ho sa ja, seier Kristiansen.

- Fløttum er ein svært erfaren og dyktig forskar og eg trur ho kan gje meg gode innspel, legg ho til.


Støtte og utvikling

Professor Karin Thorburn (Arkivfoto)
Professor Karin Thorburn.

Blant NHH-professorane som deltek som mentorar er Karin Thorburn ved Institutt for foretaksøkonomi. Det er første gong ho deltek i ei formell ordning av denne typen.

- Kvifor deltek du?

- Delvis fordi eg tykkjer det er viktig å støtta dei yngre kvinnene ved NHH. Delvis fordi det er spennande å læra adepten å kjenna og å høyra kva problemstillingar ho møter i yrkeslivet sitt og kva ho tenkjer om desse, svarar Thorburn.

- Kva faktorar vert viktige for deg når du skal etablera ein relasjon til adepten?

- Å treffast tilstrekkeleg ofte, slik at vi kan læra kvarandre å kjenna og etablera eit tillitsforhold. Det er viktig med gjensidig respekt og openheit, slik at møta faktisk kan handla om viktige emne og dermed også gje noko.

- Kva utbyte ventar du å få ved å delta i ordninga?

- Å læra av mine yngre kollegaer og sjølv å utvikla meg som menneske. Det er jo i møter med andre ein definerer seg sjølv, fastslår Thorburn.

Les mer om likestillingsarbeid ved NHH på nhh.no



Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive