Språkpolitiske retningsliner på plass

Språkpolitiske retningsliner (Illustrasjon)

NHH sine språkpolitiske retningsliner er no på plass. Dei skal m.a. bidra til å styrka norsk som økonomisk-administrativt fagspråk og sikra kvalitet i all kommunikasjon ved høgskulen uavhenging av språk.

03.09.2010 - Hallvard Lyssand


Universitets- og høgskulesektoren har eit lovpålagt ansvar for å oppretthalda norsk som fagspråk, og i strategien sin tek NHH på seg eit nasjonalt ansvar for vedlikehald og utvikling av norsk fagspråk på det økonomisk-administrative området.

- Dette er eit ansvar både NHH og sektoren generelt tek på alvor og arbeider for å følgja opp på best mogeleg vis, understrekar NHH-rektor og regjerande UHR-leiar Jan I. Haaland.

UHR fekk på plass språkpolitiske retningsliner for sektoren i 2007, og i fjor gav rektor Haaland eit utval under leiing av førsteamanuensis Marita Kristiansen ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon i oppdrag å utarbeida eit utkast til slike retningsliner for NHH.

Etter ein høyringsrunde på institutt og avdelingar i vår vart ordlyden justert, og 16. juni vart retningslinene vedtekne i styret.

I tilegg til eit sett overordna retningsliner er det eigne punkt for områda utdanning, forsking og formidling, administrasjonsspråk og kvalitet i språket.

Nettopp å sikra kvalitet i all kommunikasjon, uavhengig av kva språk som vert brukt, er eit sentralt punkt i retningslinene.

Det vert slått fast at norsk er hovudspråket ved NHH, men at kommunikasjon skal skje på det språket som er mest føremålstenleg for mottakarane, og at parallellspråklegheit - t.d. bruk av både norsk og engelsk - skal praktiserast der det er hensiktsmessig.

Når det gjeld NHH sitt arbeid for norsk som fagspråk heiter det at høgskulen sin termbase for norsk-engelsk terminologi skal vidareutviklast.

- Alle einingar har eit ansvar for å følgja dei overordna retningslinene og punkta om kvalitet og administrasjonsspråk. Vidare har programutvala og Studieadministrasjonen eit særleg ansvar for å følgja opp utdanningsdelen, medan Forskings- og formidlingsutvalet, institutta og Informasjonsavdelinga har særleg ansvar for det som dreier seg om forsking og formidling, seier Haaland.

- Samstundes vert det høgskuleleiinga sitt ansvar å sikra ressursar til ei tilfredsstillande språkleg kompetanseheving for alle tilsette, legg han til.

Sjå dei språkpolitiske retningslinene i sin heilskap på nhh.no

Ein engelsk versjon av dei språkpolitiske retningslinene er under arbeid.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive