Bulle på nett

K7 Bulletin på nett (Illustrasjon)

K7 Bulletin er no også etablert som nettavis. Det tyder hyppigare nyheitsoppdateringar og plass til saker som tidlegare har måtta vika i papirutgåva.

06.03.2013 - Hallvard Lyssand


K7 Bulletin, betre kjent som Bulle, har vore NHH-studentane sitt eige nyheitsorgan sidan april 1964.

Sjølv etter internetts inntog har Bulle i hovudsak halde seg til papir, men i sist papirutgåve kunne redaksjonen melda at dei også har etablert nettavis.

- Dette er noko vi har arbeidd med lenge, og det har vore teknisk utfordrande. Vi byrja på botn og har m.a. hatt internasjonal anbodrunde, men enda til slutt med ein lokal utviklar, seier nyheitsredaktør Håkon Block Vagle.

Grunnen til at Bulleredaksjonen ville på nett er at dei kan nå fleire og oppdatera hyppigare.

- Papiravisa kjem berre kvar 14. dag, men med nettavisa er ambisjonen å ha nye saker minimum annankvar dag. Det vert meir ressurskrevjande, men vi har etablert ein eigen nettredaksjon med to redaktørar, og vi har mange folk både i redaksjonen og på foto, så det skal gå bra, seier nyheitsredaktøren.

- Papiravisa skal framleis ha dei store og lange sakene. Med nettavis vert det betre høve til å dekka mindre saker og arrangement som tidlegare har blitt nedprioriterte av di det var gamalt nytt før papiravisa kom ut eller fordi det ikkje var plass, legg han til.

Bulle på nett: K7bulletin.no


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive