Lehmkuhlkonferansen om styring utan budsjett

Torsdag 26. september går Lehmkuhlkonferansen av stabelen. Årets tema er styringsforma Beyond Budgeting.

18.09.2013 - Øyvind Torvund


Denne nye måten å leie organisasjonar på har vakse fram som følgje av kritikken mot tradisjonelle budsjett, og skal gje høve til å ta avgjersler på best muleg tidspunkt og med ferskast muleg informasjonsgrunnlag.

NHH-professor Katarina Kaarbøe vil presentere forskingsprogrammet Beyond Budgeting, som ho har vore prosjektleiar for på NHH. Ho har studert denne styringsforma i fem år. Forskingsprogrammet lanserer også ei ny bok om dette temaet i haust.

Frå Statoil kjem Vice President of Performance Management, Bjarte Bogsnes. Statoil erstatta i 2005 dei tradisjonelle budsjetteringsprosessane med Beyond Budgeting-prinsippa, og Bogsnes vil fortelje om erfaringane Statoil har gjort seg med denne styringsforma. Bogsnes er ein av dei største forkjemparane for Beyond Budgeting, og har mellom anna skrive bok om temaet.

Styreleiar i Bergen Næringsråd, Jan Erik Kjerpeseth, vil kommentere innspela på budsjett/ikkje budsjett. Han vil også dele sine erfaringar, og deltek også i samtale med salen om temaet.

Frukostmøtet er eit samarbeid mellom NHH og Bergen Næringsråd, og arrangementet startar klokka 09.00. Alle som vil delta på konferansen må melde seg på via Bergen Næringsråd si nettside. (Sjå nederst på sida)

Etter konferansen er det klart for Lehmkuhlførelesinga klokka 11.15 i Aulaen. Årets førelesar er administrerande direktør Yngve Slyngstad i Norges Bank Investment Management (NBIM). Temaet for førelesinga er «Felles sparing for framtidige generasjonar». Dette er ope for alle, og ein treng ikkje registrere seg for å delta på førelesinga.

Tid for konferansen og førelesinga: Torsdag 26. september klokka 09.00-12.00

Stad: Konferansen er i Auditorium A i nybygget på NHH og førelesinga i Aulaen på NHH.

Registrering og frukost frå klokka 08.30.


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive