Styrkar fagmiljøet innan ressursøkonomi
Torfinn Harding er tilsett som førsteamanuensis på Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH. Statoil finansierer stillinga som ein del av forskingsavtalen med NHH.
12.02.2014 - Red.
Gåvestillinga er eit av tiltaka for å styrke NHH si satsing på forsking i grenseflata makroøkonomi, internasjonal økonomi og ressursøkonomi.
- På NHH er det ei sterk vilje til å utføre forsking av høg kvalitet. På instituttet er det også bra med ressursar som gjer at ein får tid og rom til å forske. Eg ynskjer å bidra til å styrke forskingsinnsatsen innan dette fagfeltet, seier Harding.
Fagmiljøet innan makro- og ressursøkonomi er også tidlegare styrka ved at Linda Nøstbakken blei tilsett som førsteamanuensis i sommar.
Professor i petroleumsøkonomi ved Universitet i Stavanger, Klaus Mohn, har i tillegg takka ja til ei professor II-stilling.
Harding forskar mellom anna på korleis utviklingsland kan tiltrekke seg utanlandske investeringar. I eit anna prosjekt skal han sjå på samanhengen mellom avskoging og økonomisk utvikling i Brasil.
Forskingsrådet støttar eit prosjekt som mellom anna skal vurdere konsekvensane av oljeboring i Amazonas. I tillegg skal han forske på kva effektar oljeindustrien har på norsk økonomi.
- Norge er lagt merke til som oljenasjon, og for andre statar kan ein lære ganske mykje ved å studere utviklinga her, seier Harding.
Avtalen mellom NHH og Statoil blei underteikna i desember, og betyr at selskapet bidreg med 37,5 millionar kroner over fem år.
Midlane skal brukast til støtte for grunnforsking, utvikling av fagmiljø og utdanning ved NHH. Avtalen er ei vidareføring av eit samarbeid som starta i 2009.
Meir informasjon:
Kommunikasjonssjef Kristin Risvand Mo, E: [email protected], T: 55 95 96 61. M: 915 99 661
Førsteamanuensis Torfinn Harding, E: [email protected]. T: 55 95 98 79. M: 924 16 746.
|