Jaktar NHH-stipendiatar til Forskar Grand Prix

Forskingsdagane i Bergen er på jakt etter stipendiatar som vil delta i formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix i september.

18.03.2014 - Red.


Forskar Grand Prix er ein del av Forskingsdagane som i år blir arrangert frå 17. til 28. september.

Forskar Grand Prix går ut på at ti stipendiatar får fire minuttar kvar til å presentera forskinga si for publikum og eit dommarpanel. Dei to beste formidlarane går vidare til den nasjonale finalen.

Alle deltakarane får individuell oppfølging og hjelp til å førebu presentasjonane sine og utvikla seg som formidlarar.

Bergensfinalen går av stabelen 24. september.

Er du interessert i å delta eller vil vite meir om konkurransen? Ta kontakt med Øyvind Torvund på kommunikasjonsavdelinga. Telefon 55 95 96 91 eller e-post: [email protected]

Les meir om Forskar Grand Prix her: http://www.forskningsdagene.no/c65156/artikkel/vis.html?tid=65158

Frå NHH i fjor deltok Berit Sund. Les korleis ho opplevde konkurransen: http://paraplyen.nhh.no/paraplyen/arkiv/2013/september/lederforsk/


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive