Søkjer etter NHH-stipendiatar til Forskar Grand Prix

Forskingsdagane i Bergen er på jakt etter stipendiatar som vil delta i formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix i september.

26.03.2015 - Øyvind Torvund


Forskar Grand Prix er ein del av Forskingsdagane som i år blir arrangert frå 18. til 25. september.

Forskar Grand Prix går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentera forskinga si for publikum og eit dommarpanel. Dei to beste formidlarane går vidare til den nasjonale finalen.

Alle deltakarane får individuell oppfølging og hjelp til å førebu presentasjonane sine og utvikla seg som formidlarar.

Bergensfinalen går av stabelen 23. september.

Kontakt

Er du interessert i å delta eller vil vite meir om konkurransen? Ta kontakt med Øyvind Torvund på Kommunikasjonsavdelinga på NHH. Telefon 55 95 96 91.

I 2014 var det Monica Rydland som representerte NHH under Forskar Grand Prix. Slik opplevde ho å vere med i konkurransen: Vil løfte fram mellomleiaraneleis (Paraplyen, september 2014).

Forskingsdagane

Forskningsdagene er en nasjonal, årlig festival der alle typer forsknings- og kunnskapsbaserte institusjoner inviteres til å vise fram sin virksomhet for allmennheten på nye og spennende måter.

Les meir om Forskingsdagene i Bergen


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive