PM: Toppkarakter frå kandidatane

NHH får toppkarakter av eigne kandidatar. Ni av ti av dei uteksaminerte i 2005, seier NHH har gitt tilstrekkeleg kunnskap og evne til å meistre jobben. 97 prosent ville tatt NHH om igjen.

19.11.2007 - Asle Haukaas


Kandidatundersøkinga lagt fram av Karrieresenteret i Bergen i dag stadfestar at arbeidsmarknaden og lønsutviklinga er god for NHH-kandidatane. NHH-kandidatane kjem raskt ut i jobb og får relevant jobb. Så og sei alle kandidatane (97,4 prosent) ville valt NHH som utdanningsstad på nytt.

Kandidatane frå NHH oppgjer faglige utfordringar som den viktigaste faktoren når dei søker jobb. Nær alle frå NHH oppgjer at dei har ein optimal arbeidssituasjon. Ni av ti kandidatar arbeider i privat sektor. Halvparten jobbar i Oslo-området, medan ein av fem blir i Bergen.

Dei er tidleg ute: 50 prosent av NHH-arane tar til med jobbsøking før siste semester og ca. 90 prosent før de er ferdig med studia. NHH skil seg frå dei andre institusjonane i Bergen ved at bedriftspresentasjonar er ei viktig kjelde til jobb for 65 prosent av kandidatane.

Masterstudentane mest nøgde med NHH

I 2005 kunne studentane velje om dei ville ta det fireårige siviløkonomstudiet eller ta det nye femårige masterstudiet. Kandidatundersøkinga syner interessante forskjellar mellom dei to gruppene.

Faglege utfordringar og i mindre grad løn opptar særleg masterkandidatane når dei søker arbeid samanlikna med tidlegare. Master­kandidatane finn større samanheng mellom utdanning og jobb, og at fagkunnskap tilegna gjennom studia er nødvendig for jobbutføringa deira enn dei fireårige kandidatane.

NHH-studentane er mest nøgd med den teoretiske ballasten, 100 prosent er "i stor grad" eller "i nokon grad" tilfreds med dei teoretiske fagkunnskapane dei har fått på NHH. Som juristane og ingeniørane har dei lågare oppleving av at studia har stor praktisk relevans i arbeidslivet. Likevel svarer master­kandidatane klart oftare at dei har "i stor grad" teoretisk og praktisk relevans av studia på NHH.

45 prosent lønsvekst på 1 1/2 år
Kandidatundersøkinga syner at NHH-arane har høg startløn samanlikna med andre kandidatar. Snittløna for NHH-arane er 418.000 halvanna år etter studiet mot 340.000 i snitt for alle dei undersøkte kandidatane frå Bergen.

Ei tidlegare undersøking av NHH-kandidatane frå 2005 synte ei snittløn med tillegg på 385.000 kr etter seks månader i jobb. Halvanna år seinare er snittløna med tillegg 557.000 kr for den same gruppa. Det gir NHH-arane ei lønsvekst på 45 prosent i snitt på halvanna år. Dette er til og med over snittet for siviløkonomar utdanna ved alle siviløkonomutdanningar i Noreg (jamfør Dagens Næringsliv 15.11.07).

Meir informasjon:

Rektor Jan I. Haaland tlf. 55 95 92 17 / 957 96 865
Seniorkonsulent Eivind Drange tlf 55 95 96 74 / 920 55 249
Informasjonssjef Asle Haukaas tlf. 55 95 9218 /920 80 877


Kontakt: [email protected]
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive